Skomakaren som hadde so stor gosse

skomakar

Mange gamle løer har vorte berga ved at dei har fått bølgjeblekktak i seinare tid. Denne løa har  ikkje noko med denne historien å gjera.

I Jostedalen er det fleire gode historieforteljarar, men denne har eg faktisk frå kona til ein av desse forteljarane. Kjært barn har mange namn, og for dei som er usikre på dialektordi, so vart vel både pillur og gosse brukt litt om ein annan.

Dette skjedde for ikkje so lenge sidan, trur det var i første halvdel av 1900-talet. Då kom det ein omreisande skomakar hit til dalen, namnet hans vart ogso sagt, men det hugsar eg ikkje no. Han vart verande her ei tid, so då var her sikkert ein del arbeid til han, vil eg tru. Sannsynlegvis var han både kjekk og attraktiv, og dei unge jentene vart vel litt interesserte i han. Men ryktet gjekk om at han hadde ein slik fælande svær gosse, so det var ingen av jentene som prøvde seg.

Men so var det ein kveld, helg var det sikkert og, at ei jente likevel ikkje heilt greidde å styra seg, og ho fekk med seg skomakaren inn i ei høyløe. Der vart dei ei heil stund, og det var sjølvsagt dei som fylgde med på dette. Etter ei god stund kom dei ut att, men  jenta var halt resten av livet.

 

3 kommentarar to “Skomakaren som hadde so stor gosse”

  1. eies Says:

    Ein bør sjølvsagt ikkje øydeleggja gode historiar med å tolka dei for mykje, men kva kan vera moralen i denne… ?

  2. eies Says:

    Mitt forslag til moral er slik:

    Det var i alle fall tidlegare slik at viss ein fremmand kar kom til ei bygd og synte interesse for jentene der, so vart ikkje dette alltid like godt likt. Det hende vel at der var konkurrentar som likte dei same jentene. Eit triks kunne då vera å setja ut vondsinna rykte om framandkaren. Eg trur det var det som skjedde i denne historien. Dette veit eg sjølvsagt ikkje, men eg tippar at det var slik det hadde gått føre seg.

  3. eies Says:

    Stundo er dette ramme alvor: Det har nok skjedd både mord og sjøvmord på grunn av rykte og ryktespreiing.

    ( Elles heiter dette visstnok sjølvdrap i moderne språkbruk. )

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: