Gamlingar bak rattet og andre hindringar i trafikken

Illustrasjonsfoto.

Å møta ein gamling i bil, etter vegen, kan vera farleg.  Viss bilførarar køyrer etter venstre sida på vegen, køyrer utan å sjå seg føre eller ikkje tek hensyn, so er dette sjølvsagt ikkje bra. Gamlingar og andre som køyrer slik bør ikkje ha førarkort. At dette ikkje er so enkelt likevel, veit dei som har hatt familiemedlemmer, ein venn eller annen nær person som dei meiner ikkje burde ha sertifikat. Livskvaliteten til dei eldre er eit anna moment som bør vurderast i denne samanhengen.

Bilførarar som køyrer seint og lagar kø bak seg utan å sleppa forbi, er eit anna problem som eg har høyrt at politiet har teke fatt i etter kvart. Sjølv køyrer eg stundom seint, men eg prøver alltid å sleppa køen bak meg forbi, likevel vil eg nok ikkje sjå heilt bort frå at eg kan ha forårsaka irritasjon.

Eg tek av og til turar med hunden min. Ofte går han laus. Det har nok oppstått farlege situasjonar. Hunden kan bli drepen eller skada, bilane kan køyra utfor vegen når dei bråsvingar for å unngå å skada meg eller hunden osb. Vil og tru at folk hadde tykt at noko slikt var svært ubehageleg, uansett kven som var den “skuldige”. Eg skal skjerpa meg.

Då eg tok setifikat var dette ein viktig regel (sitert etter minnet): “Ein trafikant skal alltid køyra slik at han kan stoppa på ein tredjedel av den oversiktlege veglengda.”  Denne regelen er visstnok fjerna no, sikkert med ei god grunngjeving. I dag er det dette som gjeld i  Forskrift om kjørende og gående trafikk (trafikkregler), § 13: Særlige bestemmelser om kjørefarten:  “Kjørende må kunne stanse på den vegstrekning som den kjørende har oversikt over, og foran enhver påregnelig hindring.”

All respekt til dei som gjer dette, sjølv er eg ikkje alltid so flink.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: