Fiskespord frå Elvøy i Jostedalen

«Eg fann, eg fann!» ropte Oskeladden.  «Kva fann du?» spurde brørne…

Ein stad i Elvøy fann hunden min ein fiskespord, det var vel for om lag ei veke sidan.  Umiddelbart trudde eg at dette var frå ein oppdrettsfisk som nokon hadde hatt til middag. Å tippa vekti er vanskeleg – kanskje eit par kilo…? Men ved nærare ettertanke trur eg det kan vera andre forklaringar enn at dette er ein «kjøpefisk».

Dette ser ikkje ut som ein spord av regnbogeaure, som vel er den som til vanleg vert seld i butikkane med spord. Ein so stor stasjonær aure (fjellaure) er nokso sjeldan i elvi, dei finst vel helst i fjellvotni. Eg trur difor at dette er ein spord frå laks eller sjøaure. Det skal ha passert enkelte laks- og sjøaurar forbi fossestryki i Langøyane både før og etter at Statkraft gjorde utbyggingar der, men stryki ved Fossen har dei neppe greidd å passera.

Om dette er sporden frå ein utmagra gytefisk, eller kanskje ein som oter eller mink har fanga, det har ingen formeining om.

 

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Fiskespord frå Elvøy i Jostedalen”

  1. eies Says:

    Har fått kommentar på at det eg skreiv var alt for seriøst og vitenskapeleg. Prøver meg difor med ein moro-kommentar:

    Eg nemnde til ein kar eg møtte der nede, om dette kunne koma frå middagsmaten til eiin eller annan. Han kunne då fortelja at det låg fleire tyske bubil-turistar i fryseboksane i området.

    Han fortalde meir, men det kan eg kanskje ta ein annan gong.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: