Grevling

liv anny

Dette er bildet som Liv Anny tok av grevlingen nett frammafør Mosevollen i kveld.

I kveld ca klokka 9.30 gjekk eg ein rusletur med hunden, ned mot Gjerdekvile. Litt nedanfor dammen der det ogso ligg lagra ein del rundballar, kom det ein grevling. Då han oppdaga oss, sprang han rett i noko netting og sette seg fast. Eg gjekk bortåt, men då eg var nokre fåe meter frå grevlingen, kom han seg laus og sprang til skogs. Hunden min var nokso nær. Litt fresing og gøying vart det av dei to dyri,  men eg fekk hunden  uskada med meg heim. Det er eg nokso glad for. Eg hadde ikkje med meg kamera.

Tidlegare på kvelden tok ho Liv Anny bilde av ein grevling ved Mosevollen. Om det er same grevlingen veit eg ikkje. Den eg såg var relativt brun med litt gult i pelsen, det er i alle fall det inntrykket eg sit att med – han var ikkje so svart som dei eg har sett bilde av.

2 kommentarar to “Grevling”

  1. eies Says:

    Karin fortel at grevlingen kom tilbake og var nede ved rundballane seinare på kvelden. Nokre ender har hatt tilhold her, so ein kan ikkje sjå bort frå at han var på egg-jakt. Han var kanskje svolten sidan han tydelegvis ikkje vart særleg skremt av møtet med meg og hunden.

  2. eies Says:

    Personleg prøver eg å ha eit litt avslappa forhold til denne nye innvånaren. Grevlingen skal vera altetande, han skal vera effektiv mot brunsneglar som vel må tilhøyra ein «paria-kaste» blant det som kryp på marki. Han skal vera spesialist på meitemark, men dei fåe som fiskar i dag brukar veil meir sofistikerte metodar enn ei makkatroe.

    Og viss folk tek bryderiet med å ha eggeskal i skoene, so må dei gjerne gjera det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: