Fleire hundre rein sporlaust vekke… ?

Eg må tilstå at eg vart overraska då eg las dette.

Noko formell utdannining eller kompetanse om villrein har eg ikkje. Villrein vert og  kalla fjellrein  og  tundrarein, og det vitskaplege namnet er Rangifer tarandus tarandus.

Kjært barn har mange namn, og den rimelege forklaringi på kva som har skjedd meiner eg ligg i eit anna namn på dette dyret: Fjellets nomade. Villreinen lever som ein nomade. Sjølv har eg sett villrein ved Styggevatnet/Austdalsvatnet i Jostedalen som har vore merka som tamrein av eigarar frå Lom, og eg vil tru at rein kan vandra relativt lett over mykje lengre stekningar.

Journalisten i Sogn Avis dreg fram sjukdom, jerv og andre rovdyr, hjernemakk, parasittar, hudbrems, ein tøff vinter, sørpesnø – det er heilt naturleg at ei avis jobbar slik i jakti på dramatiske overskrifter. I farten kunne eg ikkje sjå at nedising av beite, snøras og drukning på islagde fjellvatn var nemnt. Og sjølvsagt kan ein ikkje sjå heilt bort frå at noko av dette kan vera medvirkande årsaker.

Det skal bli interessant å sjå nedgangen i villreinstammene i Vest-Jotunheimen og Årdal/Lærdal i samanheng med villreinteljingane i tilgrensande område som Ottadalen Sør og  Nordfjella. Ei slik samanlikning har eg ikkje gjort, men kanskje andre vil gjera det.

“Katastrofemeldingar” tidlegare år om nedgang i villreinstamma i Vest-Jotunheimen har  i alle fall hatt ein påfallande samanheng med rapportar om auke i villreinstamma i Ottadalen Sør.

Ei tilbakemelding to “Fleire hundre rein sporlaust vekke… ?”

  1. eies Says:

    Siste avsnittet i blogginlegget burde kanskje vore slik:

    “Katastrofemeldingar” tidlegare år om nedgang i villreinstamma i Vest-Jotunheimen har i alle fall hatt ein påfallande samanheng med rapportar om auke i villreinstamma i Ottadalen Sør – eller i andre tilstøytande område.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: