Kva skal eg gjera…… ?

Dette er nokso mange bilde av alt for mange dreia gjenstandar. Eg søkjer trøyst i det ein formingslærar på Gol fortalde etter ein kurshaldar, sitert etter minnet: Ein av fordelene med ting som er laga av tre, er at dei kan brennast !

Eg trur at han meinte at viss folk samlar på pyntegjenstandar av td. keramikk, so kan desse vera eit forureiningsproblem når dei vert kasta, td. i bosdunken. No vert det i media rett nok diskutert om vedfyring kan vera farlegare enn utslepp frå bilar, ma. i problematikken kring “svevestøv”. Men inntil vidare tvilar eg på dette. No er dei dreia tingi eg lagar rett nok innsette med kokt linolje, vegetabilsk terpentin og bivoks, men eg trur heller ikkje dette er meir skadeleg for miljøet enn andre ting.

Bakerst til venstre på nokre av bildi står ei pappøskje med feilvarer. Han som sit i dragsengi vart for mange år sidan titulert som hoffdreiar ( på tysk/østeriksk: Hofdrechsler) Eg tykkte den tittelen var litt pinleg, sjølv om eg er sikker på at det var godt meint.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: