Hjortaforing 31.03.2016

NB!: Tid og dato på bildi er feil.

Mens eg gjekk og venta på at biblioteket i Sogndal skulle opna, tok eg ein rusletur på ein skogsbilveg i nærleiken. Heldigvis/desverre hadde eg ikkje hunden med meg. Brått oppdaga eg at framfor meg trekkte ei stor mengde med hjortar over vegen, kor mange veit eg ikkje, men tippar talet var nærare 100 enn 50. Bildi er ikkje spesielt gode, for eg knipsa berre litt på frihånd mens eg gjekk forbi.

Den gamle snøen i området var vekke, men i løpet av morgontimane hadde det kome eit par cm.  Når ein først har starta denne kunstige vinterforingi, trur eg det er klokt gjort å fortsetja foringi utover våren til groen kjem. Ros til grunneigaren for dette!

På denne staden har eg knapt sett bukkar, kun koller, kalvar og ungdyr. Seinare på dagen gekk eg forbi ein foringsstad der det plar vera bukkar, men her var foringsplasen truleg flytt til ein annan stad.

Kanskje er grunneigarane i området berre måteleg begeistra for at det vert fokusert på denne kunstige vinterforingi  –  dei har truleg lagt ned svimlande summar opp gjennom åri i dette arbeidet. Men dette er ikkje private dyr  –  mange av dei er nok “interkommunale”, og då meiner eg det er rett å fokusera på problematikken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: