Ein storkommune i Sogn – det er fali, det

Ludvig er i ferd med å ta eit større steg. Går det bra, tru….

Ludvig er redd for forandringar, han er pessimist og redd for det meste – i kor stor grad dette kjenneteiknar lustringar veit eg ikkje.  Noko som er lettare å uttala seg om, er at det i ikkje alt for fjern framtid skal avgjerast om Luster skal gå inn i ein storkommune eller om me skal prøva å greia oss sjølve. Meinngane i denne saki er mange og sterke. Som eit alternativ til å lesa fagrapportar og urgreiingar for å finna ut kva som er hensiktsmessig for oss å gjera, vil eg gjera ei samanlikning.

Luster Musikkskule vart starta i 1978, i 2006(?) gjekk musikkskulen inn i Sogn kulturskule som omfatta Leikanger, Sogndal og Luster kommunar. Slik eg har forstått det skulle dette vera ein “vinn-vinn-situasjon”, altso noko som skulle gjera at alle partar, ogso me i utkantane, totalt sett skulle få eit betre opplæringstilbod i musikk for born og unge.

So opplever me brått at det i Luster kommunestyre blir stillt spørsmål om me er betre tent med å gå tilbake til ordningi med eigen kulturskule. Det  verserte rykte om stemoderleg behandling mellom anna av opplæringi på tradisjonsinstrument, og frå talarstolen i kommunestyresalen vart spørsmålet  stillt: “Er Luster best tent med eigen kulturskule?”  Det vert jobba vidare med saki, og korleis dette endar veit me ikkje enno.

Har dette noko å gjera med om Luster skal gå inn i ein storkommune? Ikkje nødvendigvis, men det kan ha noko med korleis utkantgrender i ein utkantkommune kan oppleva det å gå inn i større einingar. Og då tenkjer eg både på korleis det gjekk etter at Luster musikkskule gjekk inn i Sogn kulturskule – og på ein eventuell framtidig situasjonen der Luster går inn som del av ein ny storkommune.

Inntil vidare skal det bli interessant å sjå korleis det går med Luster sitt forhold til Sogn kulturskule, blir utkantane høyrde, og korleis blir denne saki  handsama og  løyst.

Dette er sjølvsagt ikkje fasitsvaret på kva Luster skal gjera når det gjeld kommunereformen. Det var berre ein alternativ måte å sjå problematikken på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: