Trekkspelet – ei retteleg helvetesmaskin

Harsellering, sjikanering og mobbing av trekkspel, trekkspelarar og trekkspelmusikk gjer som regel stor lukke i dei fleste lag.  Mi gamle tante kalla forresten trekkspel for handorgel.

Den svenske klassiske musikaren og programleiaren Sten Broman hadde sterke meiningar om mykje, og han er mellom anna kjend for sitatet: Fula fruntimmar är det djävligaste jag vet. Fula fruntimmer som spelar dragspel och tillika joddlar är en treenighet i djävlighet. 

Men den aller saftigaste skildringa av trekkspelmusikk fann eg i Arne Bjørndals samlingar ved UiB i Bergen. Har fått utskrift frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, og eg vil tru  det er skrive av ein sogning ein gong kring 1900, kven som har skrive det veit eg ikkje.

Dragspelet i Sogn:
Frå fyrst av tolt ogso millom dei vakte og ei tid brukte til å spela tonar på. Men litt etter kvart vart det brukt berre til dans, og dei siste 40 åri hev trekkspelfarsotti herja sogne¬bygdene som ein åndeleg svartedaude – retteleg ei “helvetes¬maskine” hev trekkspelet vorte. Salmodikonet, stakkar, kom litt etter kvart tilsides og vart snart vanvyrdt av dei som hadde fått smak på trekkspelet. Dei siste 15-20 åri hev mange kjøpt seg husorgel, og det ser ut til at det no vil verta til noko hjelp for songen i heimen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: