Nokre fleire kommentarar til boki: Per Jordhøy: «Reinheimen og Breheimen Frå pil og boge til lasso og gevær»

Denne boki kom ut i 2014. Boki kan verkeleg anbefalast som eit praktverk til alle som er interesserte i villrein! Ho inneheld ogso mange historiske fakta som vil vera verdifulle for ettertidi. Her meiner eg likevel det er rett å supplera og kommentera ein del av det som er skrive, spesielt om Luster, med tanke på at dette kan bli brukt vidare i andre samanhengar, historisk og forvaltningsmessig.  Håpar at nokon vil kommentera og eventuelt korrigera det eg har skrive her.

Nokre kommentarar til det som er skrive om villrein i Luster i denne boki.

Side 59:

Her er det sett av fem linjer med tekst til det prisverdige registreringsarbeidet som Sverre Fossen har gjort. Endå meir utfyllande kunne det ha vore og trekt fram ein del av registreringsarbeidet som vart gjort av Universitetet i Bergen, og som er trykt og utgitt i form av fleire Arkeologiske rapporter. Her har Kjersti Randers med fleire tidfesta dei ulike funna. Ho har og drøfta kor fangstfolka kom frå, og drøfta den sokalla arkeologiske vestgrensa.

Side 196:

Sitat: På vinteren er det mykje snø med islag som gjer det vanskeleg for dyra å koma ned til lavmattene.

Om vinterbeite i Luster, spesielt Jostedalen 

  • I alle fall på 70-talet ved flyteljing av villrein vart det observert rein i Austdalsnosi ved Styggevatnet. Eldre folk i dalen har fortalt dette, og dette bør kunna sjekkast av dei som har tilgang til resultatet av flyteljingane.
  • Både på aust- og vestsida av Jostedalen har det vore tamrein på 1800-talet, og vinterbeitet til tamreinen var neppe basert på fôring. Har ikkje høyrt at manglande vinterbeite var årsaka til at dei gav opp tamreindrift. Derimot veit me at det var fleire konfliktar med stølsdrifti der tamreinen fekk skuldi for å øydeleggja beiti for buskapen.
  • Frå Sverre Fossen si bok ”Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli”:  Tippoldefar min Melchior Larson Kreken miste livet 7. mars 1850 då han vart teken av ei fonn i Geisdalen heimfor Kvitekoven. Han hadde vore i fjellet og sett etter tamrein.  Dette indikerer vinterbeite på fjellområdet Kvitekoven.
  • Vidare frå boki til Sverre Fossen:  I påskehelgi 1966 hadde to jervar jaga laust fem eller seks dyr i Sprongdalsreset. Det vart ogso fortalt at det stod rein i Austdalsnosi .
  • Nok eit sitat frå boki til Sverre Fossen:  I påskehelgi ein gong i 1970-åri kom eg på ski over Geisdalshalsane mot Holmevassosen. Då hadde det ”stått” rein på ein tange på vestsida av Holmevatnet.  Med andre ord ikkje svært langt frå Kvitekoven.

Det som er skrive her, er tenkt som ei supplering til som står å lesa om vinterbeitet i Luster sin del av Reinheimen og Breheimen i boki. Sjølvsagt er det ikkje her dei store fjellviddene med lavbeite som ein finn lenger aust og nord. Men at vinterbeita i Luster kan nyttast viss me får ei reetablering her, er det vel lite tvil om. Og i ein oppstartingsfase av reetableringi, med gjerne ein mindre reinsflokk, kan dei i alle fall gjera nytten. I år med gunstig ver, vil vinterbeitet i Luster kunne avlasta beitene i nord og aust, i alle fall i noko grad, og truleg gjera at stamma i Ottadalen sør kan haldast noko høgare enn i dag.

Side 197

Mislukka utsetjing av rein i Luster i 1997

Sitat: Denne utsetjinga lukkast altså ikkje. Kva som er årsaka til dette, er ikkje godt å seie.

Utsetjinga vart gjort av lokale, entusiastiske og velmeinande amatørar, men med lite eller ikkje erfaring frå reetablering. Planleggingi kunne kanskje ha vore betre.

Frå kunnig hald har det fleire gonger vorte trekt fram at det, i strid med avtalen, var eldre simler i lag med reinane som vart sette ut. Om dette er rett, og om dette er den einaste forklaringi, kan nok diskuterast.

(I Lærdal-Årdal vart det på same tida gjennomført ei vellukka utsetjing. Ogso her var utsetjingi mislukka det første året i 1994, seinare sette ein ut eit lægre tal rein fordelt over fleire år, 18 rein i 1995 og 15 rein i 1996. I 2013 var stamma på 329 dyr før jakti. Det må difor vurderast om ikkje Lærdal-Årdal valde ein meir hensiktsmessig strategi enn det Luster gjorde i 1997.)

Side 198: 

Sitat: Fagfolk vart innleigd, og plan for tiltak vart utarbeidd. Dei fleste tiltaka i planen var ikkje gjennomførbare… 

Det er her truleg tenkt på: Reetablering av villrein i Luster kommune ( https://eies.files.wordpress.com/2014/12/reetablering-av-villrein-i-luster-utkast-1-mai-201012.pdf  ) av fagkonsulent Jonathan Edward Colman, og at tiltaki ikkje var gjennomførbare er helst ein noko lettvint konklusjon.

At lokale, jordnære folk på «grasrotplanet» overprøver det eksterne konsulentar tilrår, kan i somme tilfelle vera eit sunnheitsteikn. Men dette var eit prosjekt som var leia av, og økonomisk støtta av, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og fagkonsulent Colman har elles samarbeidd mykje med villreinforskar Eigil Reimers, forfattar av fagbøker om villrein, ogso medforfattar i denne boki (Per Jordhøy: Reinheimen og Breheimen.) Det kan difor diskuterast kor klokt det var å stogga prosjektet, noko som førte til at reetableringsarbeidet vart avslutta.

Sitat: Kvar vår eller tidleg på sommaren kjem det bukkar over til Lustersida frå Ottadalen villreinområde.  

”Kvar vår” er vel å ta litt hardt i. Etter 1977 kjenner eg ikkje til at det har vore rein i Vivaskredene før det i 1993 brått var 23 bukkar på beite her. Same året var det sett 14 bukkar ved Bymannsfossen.  Bukkane på beite i Vivaskredene vart færre for kvart år, og etter 1995 kjenner eg ikkje til at det har vore rein i Vivaskredene. Det var likevel bukkeflokkar i fjellet (opp mot 38 i Jostedalsfjelli ) nokre år framover.

Denne ”oppblomstringa” av bukkar på beite i Jostedalen frå 1993 og utover, heng truleg saman med ei stor stamme i Skjåk-området i denne perioden.

Sitat: I Jostedalen kjem dei [bukkane] frå Mysubyttdalen og Tverreggi . Dette er mest truleg dyr frå sør-veststammen. Dei beitar ved Kupevatnet, Styggevatnet og over til Sprangdalen. Bukkane som oppheld seg i Sprangdalen, kan koma både frå sørvest- og søraust-området. 

Personleg har eg sett minst to bukkar ved Styggevatnet/Austdalsvatnet med øyremerkjet til Lom tamreinlag. So ein må ikkje undervurdera villreinen si evne til å trekkja over store distansar. Dei seinare åri har det vore bukkar på sommarsbeite i Kupevassområdet, sommaren 2014 var det kring 20 bukkar. Logisk skulle dette vera dyr frå sørvest-området. Men sidan denne stamma for tidi er liti, kan desse reinane like godt koma frå søraust-området. Spor etter rein på trekk i Handspikiområdet og ved Styggevatnet kan ogso indikera dette.

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Nokre fleire kommentarar til boki: Per Jordhøy: «Reinheimen og Breheimen Frå pil og boge til lasso og gevær»”

  1. eies Says:

    Det kan sikkert diskuterast kor hensiktsmessig det er å kommentera det høgt respekterte villreinskunnige har skrive i denne boki. Eg har difor venta lenge med å leggja dette ut. Utkasti har ogso vorte sende til forfattarar av boki. Sjølvsagt kan det vera feil, misforståelsar og ting som er uklårt i kommentarane mine. Difor håpar eg at nokon vil korrigera det eg har skrive.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: