Easy Quartet og Anders Olav

Easy

I går var eg på jazzkonsert. I eit ikkje altfor stort, men relativt fullt kjellarlokale på Theatro, øvst på Ole Bulls Plass i Bergen.  Anders Olav Ese på gitar + piano, kontrabass og batteri. His mother told him, “Someday you will be a man, And you will be the leader of a big old band… ” Då eg litt nølande spurde om det var bebop dei spelte, fekk eg bekrefta at eg hadde ikkje bomma totalt, heller.

At ein gut som har vakse opp i ei liti fjellbygd der trekkspel, svensktoppar og country and western har prega musikkmiljøet  i alle fall i mykje større grad enn jazz, at han skal sitja i eit kjellarlokale saman med tre kjempegode musikarar og radbrekka melodiar og improvisera over ulike tema, det er ikkje mindre enn eit eventyr.  Eit eventyr var det ogso at det var eg som sat der.

Eg meinte ikkje å sjikanera eller sjå ned på andre musikksjangrar, dei har alle sitt publikum, og bra er det. Men denne bebop-liknande musikken greip meg verkeleg, eg som knapt har høyrt slike rytmer og tonar før. Spesielt det rytmiske opptok meg, korleis grunnpulsen vart utfordra av andre rytmefigurar, som eg vel å kalla det.

Dette er ikkje noko  forsøk på ei objektiv skildring av stemninga nede i det tronge lokalet. Til det er familiebandi for sterke. Men dette gav meirsmak, slik at at ein ikkje kan sjå heilt bort frå at eg kan dukka opp på fleire jazzkonsertar, ogso med andre musikarar. Takk skal du ha, Anders Olav.

Ei tilbakemelding to “Easy Quartet og Anders Olav”

  1. eies Says:

    Gitaristen anbefaler dette albumet for interesserte: Diz ‘N Bird At Carnegie Hall by Dizzy Gillespie

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: