Styggevatnet og fiskeutsetjing

fiskeutsetjing 002

I går vart det sett ut fisk i Styggevatnet, til saman fem slike sekker som kom frå klekkeriet i Fortun. Det berre 450 stk to somrar gamle aurar, men dei var relativt store: 47 gram i gjennomsnitt. Alle fiskane såg friske ut då dei vart sette ut, so dei hadde greidd transporten godt. So store fiskar skal ogso ha større sjanse til å greia seg etter utsetjingi.

Han Torbjørn T. hadde gjort godt førearbeid og søkt om løyve til å koma inn på anleggsområdet. Fire av sekkene vart sette ut på begge sider av dammen, Lasse T. bar ein sekk lenger fram.

For nokre år sidan vart det sett ut 10.000 fisk i vatnet, i tillegg har det vore fleire mindre utsetjingar. Me håpar at Styggevatnet etter kvart skal bli eit interessant vatn for sportsfiske, og det er fint viss me kan få rapport om eventuelle fangstar.

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Styggevatnet og fiskeutsetjing”

  1. eies Says:

    Det vert inntil vidare ikkje sett ut fisk i andre vatn enn Styggevatnet, Han Lasse er litt i tvil om me ikkje burde setja ut litt framleis øvst i Sprongdalen, og i øvste Halsavatnet, då me trur at det ikkje er gyting i desse votni.
    Elles er det problem med for mykje fisk i ein del vatn i Jostedalen. Viss grunneigarar vil ha hjelp til å fiska ut ein del av småfisken, kan dei kontakta underskrivne, Einar E.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: