Korleis har hjortane hatt det i vinter ?

ruud 003ruud 006ruud 005ruud 004ruud 002ruud 001

Han eies har tidlegare skrive kritiske merknader til den foringa som går føre seg på Kaupanger. Etter kvart har han nok kome til at dialog er ei betre kommunikasjonsform.

Bileta ovanfor er frå foringsområdi på Kaupanger, slik dei såg ut no i vår. Ein kar som kjenner hjortebestanden på Kaupanger godt har fortalt meg at det i vinter ikkje har vore «unormalt» mykje hjort som har krepert. Han meinte at ein viktig grunn var at mykje av skogen har vorte knekt av snø og vind, og at borken spesielt på furutrei har vore god hjortemat.

Dette stemmer med det han eies såg. Svært mykje blenkjande furustammer og sjå, og ein einaste daud kalv å sjå ved foringsplassane. Rett nok høyrde han ramnar i skogen, men altso lite daud hjort å sjå.

Eit par snaugnegne kalve-skallar kunne likevel tyda på ein viss kalvedaude tidlegare på vinteren.

– – – – – – –

Dei store snømengdene som kom i januar skapte nok ein del vanskar for dei ville dyri. Men nokon katastrofevinter har det ikkje vore. I Espemarkji såg eg på seinvinteren ein flokk på ti hjortar, ingen av desse hadde gevir. Og lenger ute i Krekane har folk sett fleire bukkar.

Av det eg har høyrt har det likevel vore mykje hjortedaude i Kinsedalen. Elles kjenner me sameleis gjennom media at mykje hjort har krepert i Måren på Menes.

Eg vil tru at det vil vera nyttig og interessant å forska på kvifor me har so stor dødeligheit enkelte stader, medan det går betre andre stader. Kan det vera slik at hjortane bør gå meir spreidde i vinterhalvåret, og ikkje vera samla i større flokkar ? Han eies har tidlegare hevda dette.

Advertisements

Ei tilbakemelding to “Korleis har hjortane hatt det i vinter ?”

  1. eies Says:

    I går kveld, nær midnatt, køyrde eg fram att frå Gaupne. Eit par hjortar ved «Bluefjord» sameles ved Øyagjerdet. Men på Myklemyr var det ein stad opp mot 20 hjortar, kanskje fleire.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: