“Ikkje skyt meir, karar, det skal etast, og !”

Vetledøla utsnitt

Sitatet i overskrifti er etter ein jeger i Balestrand som var på hjortajakt saman med dei to sønene sine.  Bukken stod borte i ei urd, han viste tydeleg at han var treft, men sønene ynskte likevel å gi han eit avlivingsskot. Faren deimot, var oppteken av at kjøtet ikkje skulle øydeleggjast av for mykje skotskade.

Eg har høyrt at ein hjort kan springa over 200 meter etter eit hjarteskot.

I fjor skaut eg på ein elg. Han signaliserte tydeleg at han var treft, endåtil gjorde han baklengs salto utfor ein skrent. Eg angrar indarleg på at eg ikkje gav han eit skot til, for me fekk likevel eit ettersøk, men heldigvis enda det godt, og elgen vart avliva.

I år skaut eg ein elgokse på same staden. Han signaliserte tydeleg at han var treft, mellom anna snudde han og rusla sakte attende der han kom frå. Men med hendinga frå året før som eit vondt minne, gav eg han fleire skot. Det angrar eg ikkje på, og eg vil heller ikkje kritisera andre som på jakt gir dyret eit “unødvendig” skot. Ingen i jaktlaget kritiserte meg heller for at eg hadde “øydelagt kjøtet”. Med dei moderne kulene som er i td. “Oryx”, er det heller ikkje mykje kjøt som blir øydelagt. “Elite” eller “Forbedret Elite” har eg derimot intrykk av eksploderer inne i dyret og ein kan finna att blyfragment mange stader, når kjøtet skal stellast i stand.

“Non, Je ne regrette rien”, song Edit Piaf.

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: