Jervejakt og jervefangst

 Bilde0115

I haust har ein sauabonde misst altfor mange lam i Krundalen. Det må vera trist. So høyrer han eies at han ALB planlegg ei jerveåte i Øy, eit positivt tiltak !

Jervejakt er nok vanskeleg, men med viltkamera montert kan det muligens bli litt enklare, om det fører til fangst er likevel usikkert. Uansett tykkjer eg det er rosverdig at nokon vil bruka tid, kanskje pengar og krefter på eit slikt usikkert prosjekt.

Han eies hadde ansvaret for ein jervebås i Fåberg ein vinter. Ein slik bås skal i utgangspunktet kontrollerast to gonger dagleg, «manuelt» som det heiter. Fangst fekk han eies ikkje, men kort tid etter at båsen var stengd, kom ein jerv, la framlabbane på kanten og keik nedi. Viss eg ikkje misforsto den rovdyrkunnige som observerte dette, var dette eit godt teikn, og sjansane var store for at jerven ville koma att neste år når han no visste om båsen. Men neste vinter var båsen stengd for fangst. Det urimeleg arbeidskrevjande arbeidet med tilsyn gjorde at båsen vart stengd. Men elles gjorde han eies seg ein del erfaringar som potensielle jervefangarar eller – jegerar kanskje kan dra nytte av.

At ein må tåla kritikk og spitord – ein som driv med slike aktivitetar, er nærast «obligatorisk» og det minste problemet.  Det beste han eies fekk høyra i denne sjangeren var: «Har du åta utanfor eller inni båsen ?»

Ein gut kom og fortalde meg at båsen var i so dårleg stand at dei skulle tøma diesel oppi og setja fyr han. Eg trudde det var SNO som hadde tilsynet med slik fangst, dessutan kunne neppe dei «lokale kontrollørane» ha studert båsen på nært hald. Men eg får leggja godviljen til, og rekna soleis med at det var gjort i beste meining, kanskje for å hindra at eg skulle få tilsnakk frå kontrollørane. Men litt overivrig var det vel.

Sidan jerven drap mykje i Krundalen, vil eg tru han kjem att for å finna restar her i vinter. Ein jervebås i Krundalsområdet i vinter kunne ha vore ein tanke, men då plassert slik at det daglege tilsynet kan gjerast med kikkert – gjerne tvers over dalen. Om ein av båsane i dalen kan flyttast eller me treng ein ny, veit eg ikkje.

Eit anna tips eg fekk for å unngå å slita seg ut med den daglege kontrollen over lang tid, var dette: La båsen stå open, men ikkje oppspend so han fangar. Viss det viser seg at jerven har vore der, kjem han att etter 10 dagar, eller i løpet av ti dagar. Dette skal vera utprøvd. Take it or leave it, seier berre eg.

So ALB & Co. Ver optimistar og stao pao ! Lytt til eldre og erfarne folk her i dalen. Men kanskje viktigare er det å kontakta slike som faktisk har lukkast andre stader – i og utanfor kommunen. Jegerane  vil heilt sikkert måtta høyra mykje kritkk for det dei driv med. Lytt til kritikken, men kast vekk alt de ikkje har nytte av.

Dette var berre litt supplering til det kravet som no går mot SNO om meir helikopterjakt. Eg tykkjer jerven er eit flott dyr som høyrer heime i fjellheimen. Men når han gjer slik skade som i Krundalen i år, må noko gjerast. Mykje meir kunne vore skrive, men dette var det vesle bidraget mitt, denne gongen.

God jakt !

2 kommentarar to “Jervejakt og jervefangst”

  1. eies Says:

    Litt overraskande lite respons på dette. Det er litt bra og litt skuffande. 🙂

  2. eies Says:

    Viss ein skal leggja ut åte etter jerv, ville eg på ein eller annan måte prøvd å hindra at det vart bore vekk av jerv og rev. Kanskje laga eit “bur” eller dekka det til med armeringsnett. Men det finst sikkert andre og mykje betre tips, kjenner eg folket rett….. Ideen min er kanskje direkte forkasteleg 🙂 🙂 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: