Stolpastein

DSCN0176

DSCN0177

DSCN0178

DSCN0179

DSCN0180

DSCN0182

DSCN0183

DSCN0184

DSCN0185 PIL

DSCN0185

Stolpastein har, etter Sverre F., fått namnet sitt fordi han frå ein spesiell vinkel ser ut som ein stolpe. For å finna han, kan ein gå vegen mot Holmevatnet, men rett etter Fagredalsreset kan ein gå første vesle dalføre mot venstre – altso før ein kjem til bekkeinntaket som ligg i neste vesle dalføte, til venstre for stien.

På nedsida av steinen er det heilt tydeleg lagt ned flate heller. Kvifor veit eg ikkje. Om dette er SVÆRT gamalt, veit eg heller ikkje.

Der ligg og ei stor og tjukk steinhelle. Under hella er det eit større rom. Om dette har vore brukt til overnatting, er vanskeleg å seia. Kanskje kan det ha fungert som kjøtlager, for temperaturen her har nok vore låg.

So her er det ope for fantasien. Kva har denne plassen vore brukt til ?

3 kommentarar to “Stolpastein”

  1. eies Says:

    Og på oppsida av steinen, nokre meter frå steinen, er det eit bogastille.

  2. Jiljelasguten Says:

    Eg gjekk opp på Stolpastein, sa dei i Fåberg før. Då gjekk dei ikkje opp attmed Bymannsfossen, på venstre sida. Skulle sikkert sta å skyte seg ein rein. Har egentleg ikkje visst akkurat korleis stein som var Stolpastein. Eg trudde dei lagra mose dar

  3. eies Says:

    Staden kunne sikkert passa til mose(reinlav)lagring. Men slik hellene ligg passar ikkje det.

    Mosen vart lagt på ein sloe (lite tre), heller vart lagt rundt og oppå til press. Når vinteren kom fraus det til og sloen med mose vart dregen til gards, uten hellene. Slik har eg i alle fall oppfatta det.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: