Ølbryggjing, godt eller gale… ?


Illustrasjonsfoto

Her i dalen er det nokre som har begynt å bryggja sitt eige øl, det tykkjer han eies er bra !

Ein av dei sosiale fredagskveldane på hotellet, fortalde han eies litt om dette. Kanskje vart han litt doserande, i tilfelle var det sjølvsagt ikkje lurt. Han blei i alle fall møtt av ein del argument, mellom anna at dette ville gå ut over omsetningen på butikken vår og hotellet. Viss dette er tilfelle, er det sjølvsagt beklageleg.

Han eies har likevel ei anna oppfatning. Interessa for ulike øltypar, malttypar, gjærtypar og humlesortar, overgjæring kontra undergjæring og mykje anna – er med på å auka interessa for øl. Å testa nye ølsortar blir fort ein hobby som ein dreg med seg både i butikkar og på utestader. Både hotellet og butikken har vorte flinke til å ta inn nye ølsortar, til glede for mange. Ikkje eit vondt ord sagt om vanleg fatøl eller pils, det er eit tradisjonelt og velkjent alternativ som har mange tilhengjarar.

So lenge ingen fortel noko anna, trur han eies at heimebryggjing ikkje går ut over omsetninga på hotellet, butikken og forsovidt ogso Breheimssenteret. Ekstra kjekt hadde det vore om nokon ville ta arbeidet med å produsera ein eller fleire variantar av Jostedalsøl. Dette skulle ikkje vera umuleg.

Ei tilbakemelding to “Ølbryggjing, godt eller gale… ?”

  1. eies Says:

    Han Einar, han Einar og han Arnfinn lærde i si tid å laga maltøl av han Sjur G. Det var godt øl, men ein tidkrevjande prosess – 18 timar eller meir frå det vart fyrt opp i ovnen til ølet var sett til gjæring og bidni vaska opp.

    Prosessen i dag er i prinsippet akkurart den same. Men med betre kontroll av temperaturen, større utval i råvarer (malt, maltekstrakt, gjærtypar, humletypar….) er ogso prosessen mindre tidkrevjande. Ølet vert i tillegg lagra på flasker med kolsyre.

    Han eies lærde bryggjing etter “nye metoden” på Fjellheim i vår.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: