Vegen Espe – Elvekrok

DSCN0148

DSCN0149

DSCN0150

DSCN0151

DSCN0152

DSCN0153

Denne vegen går på austsida av elvi, frå Espe til Elvekrok. Deler av midtpartiet, særleg kring høgste punktet, er no vanskeleg å koma gjennom på grunn av til dels store furuer som sperrar vegen, ho “Dagmar” var det nok som stod bak.

Denne vegen vart for nokre år sidan merkt oppatt av kjentfolk og elevar og lærarar frå Jostedal skule. Han Alfred Espe gjorde vegen ekstra interessant med at det vart sett opp fine informasjonsskilt om ulike stader. Desse er no snart uleselege (Kanskje historielaget kan “tråkla” opp att skilti…. ?)

Eg tykkjer absolutt at denne vegen burde vore rydda. Treng ikkje gjerast i stor breidde, men det hadde nok vore arbeid for eit par motorsager. Om grunneigarane kan nytta tømmeret, veit eg ikkje. Umiddelbart trur eg det er vanskeleg.

Grunneigarane må sjølvsagt spørjast. Det er muleg at det kanskje ikkje er ynskjeleg med mykje trafikk her i jakti, søppel må ikkje liggja att langs vegen. Eit samarbeid med grunneigarane er til det beste for alle partar.

Håpar einkvan vil ta ansvar for å dra dette i gang, Bygdalaget….. ? Historielaget….. ? Eller andre. Eg vil gjerne vera med.

Ei tilbakemelding to “Vegen Espe – Elvekrok”

  1. eies Says:

    Vegen frå Elvekrok til ut og forbi det høgste punktet er no merkt med kvite band. Pga parkeringsproblem på Espe, føreslær me ny parkering i Hyttefeltet på Espe. Her er no ein ny sti merkt opp med kvite band, opp i den gamle stien. Ingen har gitt løyve til bruk av motorsag, men alle grunneigarane tykkjer det er ok at vegen vert rydda frå Hyttefeltet til Elvekrok Underskrivne har ikkje noko ansvar for ryddinga, organiseing eller andre ting i samband med denne stien, underskrivne tek soleis ikkje mot kjeft, klage, ros eller skryt for denne ryddinga. Men me håpar at dette blir bra.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: