Men har dei teke det rette rovdyret… ?

jervifjærland
Foto: Aurland-Rovviltseksjonen / Statens naturoppsyn

Sjå Nrk Sfj.

Slik eg har forstått det, so vert det ofte mykje rovviltdrepne sauer på eit relativt lite område når jerv eller bjørn først slær til. Det kan soleis sjå ut som at det er eit mindre utval av rovdyri som har spesialisert seg på sauer. Eg er ikkje fagmann på dette området, men slik eg ser det kan det vera slumpen om det er dei «rette» skadedyri som vert tekne ut av SNO, særleg fordi hodyri skal sparast.

Skal tru om det kunne vore ein betre taktikk og hatt eit korps med dyktige jegerar som kunne steppa inn på kort varsel der det var gjort massedrap på sauer? Då ville ein lettare kunna plukka ut den «rette» jerven eller bjørnen. Byråkratiet er ogso i slike tilfelle eit hinder, og bør forenklast og effektiviserast.

Slik det er no kan me risikera at det vert teke ut rovdyr som har spesialisert seg på smågnagarar (eller vaffelkaker), og desse gjer vel mindre skade.

Advertisements

4 kommentarar to “Men har dei teke det rette rovdyret… ?”

  1. HA Says:

    Det korpset med jegrar, skulle det vore frivillige ulønna eller lønna jegrar?
    Me har jo detta rovviltjaktlaget som skal kalast ut når det er bruk for dei. Eg trur dei er minimalt lønna om dei i det heile får noko betaling.

    Medan SNO kan bruke moderne hjelpemiddel som snøskuter og helikopter for å spore opp dyr. Dei andre må bruke apostlane når det er slutt på vegen.

    Og ikkje minst det må reagerast med ein gang når det vert rapporttert inn rovdyrskade. Må ein vente ei veke eller to før ein får utført skadefellinga vil det vere nesten umogleg å få tatt ut dyr og om det er rett dyr er det ingen som veit.

  2. knut nybø Says:

    Det er einkelte som meinar ein burde ta dna prøve av rovdyra før dei vert avliva,( galskap) .???.

  3. eies Says:

    Dei sjekkar vel kjønn og om jerven har ungar i hiet før den vert avliva.

    Men DNA – tek ikkje det lang tid ? Eller er det for å finna ut om ulven er «ekte» eller «hybrid» – altso ein krysning med hund…. ?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: