Er villreinfredinga slutt…?


Villrein i Styggevassområdet

Snakka med ein godt vaksen jeger i går. Han håpa at når den avtalte 5-årsfredinga av villreinen no vart slutt, so måtte det bli reinsjakt mellom anna inne ved Kupevatnet. At jostedølene skulle jakta i Skjåk og betala “svimlande” summar var han ikkje einig i.

I utgangspunktet er eg forsovidt einig i at reinen skal fredast med tanke på ei reetablering på Lustra-sida. Men sidan Luster kommune sa NEI! til fagleg styring, rettleiing og assistanse betalt av Fylkesmannen, er entusiasmen min for “arbeidet” som no vert gjort på eit lågmål. Eg ser ikkje den store katastrofen i at ein pensjonist får plukka ut ein bukk år om anna.

Men dei som hadde ei elendig planlagd og gjennomførd uttsetjing i 1979 om einaste referanse i reetableringssamanheng, dei “sparka” fagkonsulenten. Forhåpentlegvis meiner dei at dei sjølve har “sunt bondevit” og vil satsa på det i staden – får håpa dei lukkast.

Skulle derimot Luster kommune, mot formodning, ta til fornuft og gå inn for fagkonsulent Colman sine tilrådingar, då stiller saki seg annleis. Då vil eg personleg gå inn for og tilrå ei fortsatt freding av villreinen i reetableringsområdet.

Ei eventuell oppheving eller forlengjing av fredinga er eit grunneigaransvar.

2 kommentarar to “Er villreinfredinga slutt…?”

  1. eies Says:

    Slik det er no kan me på Lustrasida ta ut løyvi i Skjåk, men det til “Skjåk-prisar”, Høyrer likevel at somme seier at det ikkje er rett at me skal betala “svimlande summar” i Skjåk, når dette elles har vore løyve som tidlegare har vore tekne ut til ein brøkdel av prisen i Sprongdalen, langs Styggevatnet eller Austdalsvatnet.

    Eg har forsovidt sympati for freding som eit middel for å få attende litt rein. Men som dei fleste veit har eg slett ikkje sympati for det som vart gjort av dei villreinsansvarlege her i kommunen då dei avslutta samarbeidet med fagkonsulenten og dermed ogso Fylkesmannen i S og Fj. Eit slikt samarbeid hadde vore særs nyttig. Ikkje minst no, særleg økonomisk.

    Ikkje er eg grunneigar og ikkje skal eg skyta rein. Men med den reetableringspolitikken som no vert ført, har eg fått ei særs avslappa haldning til verdien av fredingstiltaki.

    I Nørstedalen slengjer det no hitom ein og annan bukkaflokk, men med den bestanden som der er på Skjåksida, hadde det nok gjort det, uansett. I Jostedalen er det lite eller ikkje dyr å sjå.

    • eies Says:

      Her har eg litt utydeleg, muligens villeiande: Dei løyvi jostedøler tek ut i Skjåk, er visstnok til “Jostedals-prisar”. Skal koma att med ny presisering når/viss dette er klarlagt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: