Har vårtrekket av hjort framover dalen starta?

Tidlegare år har eg hatt inntrykk av at hjortetrekket kjem fram her på Gjerde første veka etter 17. mai, viss eg hugsar rett, då. Observasjonane mine har eg hatt på trekkvegar i skogen over Byggjefeltet og på Hesjevollstrondi.

Når hjorten trekkjer framover, går det langsomt, over fleire dagar. Om hausten skjer trekket raskt, det meste kan vera unnagjort på eit døger. «Merkjeprosjektet» viste dette.

Er det kalendaren (lyset) som bestemmer når trekket startar, eller er det groen – eller snøsmeltinga som avgjer? Dette har eg ikkje sett noko vitskapleg svar på, enno. Personleg «trur» eg at hjorten sjekkar kalendaren, for å seia det humoristisk. Men eg veit at veldig mange meiner det er groen som er avgjerande. Skulle vore interessant å vita meir om dette.

Dei seinare åri har det truleg overvintra stadig meir hjort her framme, og å skilja desse frå trekkhjortane kan vera vanskeleg.

Måndag 5. vart det sett hjort i Fossøyane som truleg kom frå «sjøen». Viltkamera her i dalen har ogso vist større aktivitet dei siste dagane.

Med mindre hjorten har funne nye trekkvegar, so har eg personleg ikkje sett spor etter større mengder av hjort på veg framover. I går såg eg til dømes spor etter kolle og ungdyr over 200 meteren på skytebana, men desse var nedover/heimover (hjelp…)!

Men mi eiga «synsing» seier at no er nok noko på gang. Det skal bli spennande å sjå. Kom gjerne med observasjonar. Køyr debatt!

10 kommentarar to “Har vårtrekket av hjort framover dalen starta?”

  1. eies Says:

    Eit eksempel: I går var det 6 hjortar i Fåbergsøyane. Eg dobbelsjekka dei trekkvegane hjorten plar bruka over Byggjefeltet: Ikkje et klauvavtrykk å sjå!

    Truleg har desse hjortane gått på austsida av elvi. Men kvar kom dei frå…. ? Frå Espemarkji (der det har vore mykje hjort i vinter), frå Leirmo…., eller frå nede ved sjøen?

  2. norvald Says:

    Hei. Når det gjeld trekkruter forbi bakkegrendi er det truleg vestsida som er mest traffikert. Det trekkjer sjølvsagt ein del dyr på austsida og. Me har kamera på vestsidevegen, ved instegarden.
    Dette kameraet har vore aktivt heile vinteren og heile perioden har det kun fanga opp rev, hare, mår og trebjønn.
    Fyrste passeringane til vårtrekket starta 1.mai kl 00.03. etter den tid har det passert minst 20 dyr, alle med kurs framover.
    Når dyra kjem fram til gjerdestrondi (s-en) so deler den seg. Eine ruta går vidare framover forbi skytebana, den andre over elva til espe.

    Ut frå det eg har sett og høyrt har det sikkert aldri overvintra fleire dyr i dalen enn i vinter. So har det og vore ein flott vinter for desse.
    Ikkje mykje snø og snøskreder og heller ikkje kulde.

    norvald.

  3. eies Says:

    Flott, Norvald, gode observasjonar ! 🙂 Når det gjeld trekkvegane over Byggjefelte som hjorten har brukt tidlegare år, har eg sjekka dei både i går og i dag. Resultat: Eg såg ikkje eit einaste klauvavtrykk. Kanskje samtlege av dei hjortane som har passert Bakken har trekt over elvi på Gjerdestrondi. Ikkje heilt urimeleg kanskje ? Og at hjortane som passerer over Byggjefeltet kjem noko seinare….
    Eg tykkjer dette er interessant, eg. Ekstra greitt hadde det vore om nokre av dei hjortane som kjem nedanfrå sjøen hadde vore merkte på ein eller annan åte. Det er ikkje alltid enkelt å sjå om hjortane har overvintra her i dalen, eller dei kjem frå vinteropphaldstadene nede ved sjøen.
    Litt observasjonar frå kameraet til Frank hadde vore interessant no….

  4. karin Says:

    Ha hatt hjort nedpå marki fleire gonge sist veke. So Ikkje alle har gått øve te espe. Trur eg då- det kan jo vere nokon so ha overvintra:-)

    • eies Says:

      Det har vel etablert seg ein liten hjorteflokk over Gjerdekvile/Skytebana. (Om desse overvintrar her, veit eg ikkje.) Desse beitar nok ein del nede på den dyrka marki om nettene. Får håpa dei ikkje oppdagar rundballane, då vert dei vanskeleg å bli kvitt.
      Krysningspunktet i vegen er trafikkfarleg. Kanskje landbrukskontoret/vegstyresmaktene skulle vurdera om dette burde skiltast. Sjølv har eg eit par gonger måtta bremsa opp på grunn av hjort i vegbana.

  5. norvald Says:

    såg fleire framover i krundalen tidlegare i veka.

    • eies Says:

      Det hadde vore interessant og fått vita sikkert om dette er hjjort som kjem nede «frå sjøen», eller om det er dyr som har overvintra her framme.
      Viss dei kjem frå vinteropphaldstadane, til dømes Nes eller Eikjastrondi, må dei ha brukt trekkvegane heilt oppe under fjellet, eller andre stader der eg ikkje har vore.

  6. eies Says:

    Hjortesenteret på Svanøy meiner at snitt trekkdato i fylket er 5. mai.
    Viltkamera på Osen – Hafslo viser stor trekkaktivitet fram til no. Dei meiner at hjorten til vanleg kryssar der kring 25. april, og at det starta litt tidlegare i år.
    Sidan snøsmeltingi var tidleg i år, kunne det ha vore interessant å få vita om trekket starta tilsvarande tidleg. Kanskje dette bør forskast meir på ? Uansett tykkjer eg det er flott at me amatørane gjer observasjonar kring dette 🙂

  7. eies Says:

    er kjem ein interessant artikkel. Det er to påstandar som truleg kan vekkja til diskusjon: 1). «Et annet viktig funn er at andelen trekkdyr blir mindre når bestandstettheten av hjort øker.» Betyr dette at ekstra store samlingar av hjort kring foringsplassar, fører til at færre hjortar trekkjer ut av dette området om våren… ?

    Den andre påstanden: 2). «30 prosent av dyrene har fullført trekket før jakta starter, og nesten 80 prosent av de gjenværende dyra startet trekket i løpet av de tre første jaktukene.» Dette er det heilt sikkert ulike meiningar om.

    Les heile den interessante artikkelen «Hjorten er raskere enn våren», og som vanleg er kritiske innvendingar velkomne her på bloggen:

    http://www.forskning.no/artikler/2012/februar/312430

  8. eies Says:

    For første gong i vår har eg i dag sett ferske hjortespor mange stader over Byggjefeltet. Det er ca 1 veke tidlegare enn vanleg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: