Ein annan hjort frå Ese

hjort indre ese
“Hjortejakt på Ese. Tre menn. Fv. Bodvar Hustveit eller Tomas Stentvedt, gardbrukar Lars L.Ese d.e., urmakar Arne Thue. Kronhjorten var den største som var felt i Ese.” (Fotoet er frå Fylkesarkivet, Sogn og Fjordane)

På nabogarden vår, i Indre Ese, der dei to skyttarkongane er frå, vart det og skote store hjortar. Det kan verka som om at bukkane på denne tida var ekstra store og kraftige. Forklaringa mi på dette er at åra før “krigen” var “ponærtida” for hjorten i Ese. Dei hadde soleis lite konkurranse om beitet og på grunn av låg dyretettleik var parasittpresset og sjukdomspresset nokso lågt. Beitet var sikkert og bra, i Indre Ese til dømes er det svært kort avstand mellom havoverflata og 1000 meter høgde, og eg vil ikkje sjå bort frå at dette kunne gjera at tilgangen på næringsrikt beite var stor heile sommaren.

Har aldri hatt den store sansen for rekordar, mange stader i landet påstår dei å ha skote “rekordbukken”. Men bukkane frå Ese har nok lege på slike “rekordlister”.

Far min hadde forresten det synet at dei gjorde ein feil då dei skaut ned dei største bukkane, desse skulle ha levt og delteke i forplantinga. Slik sett er det litt artig at nestoren i laget eg har vore med i her i dalen, har hevda same synet. Og ueinig i dette har eg ikkje tenkt å vera.

2 kommentarar to “Ein annan hjort frå Ese”

  1. knut nybø Says:

    Det er frå tiden før hjorten vart forvalta til gjeit.

  2. eies Says:

    Viss du tenkjer på at hjortestamma mange stader er vorte for stor, so er eg einig. Det er lett å tenkja at i MITT terreng vil eg ha fleire hjort. Med tanke på parasittar, sjukdommar og slaktevekta trur eg stamma mange stader ikkje bør bli større.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: