«At far min kunne gjera… «

halsali

Far min, Olav E. Ese, f. 1910 skaut hjorten på bildet, han er og fotograf. Kjøtvekti var 163 kg, og det skal vera den største hjorten som har vore skote i Ytre-Ese/Esedalen. Dei andre på bildet er, frå venstre: Per H. Ese, «Hans-Per» f. 1905, i midten: Karl J. Ese f. 1885 (far til Jens K. Ese), og heilt til høgre Jon Hansson Grøneng «Jo», f. 1879, (far til Hans Grøneng, og bestefar til Kjetil Netland.) Håpar at nokon vil korrigera meg viss opplysningane ikkje stemmer. Sameleis om eventuelt årstal – må vel vera før «krigen»…..

Advertisements

2 kommentarar to “«At far min kunne gjera… «”

  1. eies Says:

    Somme meiner at jaktterrengi i Jostedalen er særs bratte og ulendte.

  2. eies Says:

    Jaktsoge: Det var den joviale smeden i Balestrand Hans Lunde f. 1901 som fortalde at då han hadde gått heim att frå Langedalen, hadde han hatt spor etter ein stor hjort, heile vegen. «Hm, sa smeden» høyrde eg alltid folk sa viss smeden vart sitert på eitkvart. «Då var eg ikkje sein å koma meg fram i Dalen !», sa far min. Vanlegvis jakta han saman med Karl og Jo, men denne gongen var han åleine. Jaktstrategien var alltid å gå opp under Spenadn og saumfara terrenget på andre sida av dalen, i kikkert. Han gjekk opp i Fremste Geitskreholten der bukken var, kom under bukken, og fekk skyta han.

    Dagen etter var han Karl og han Jo med og dei drog bukken ned i dalbotnen der han vart lema sund og boren heim, truleg i fleire turar. Dette var den vanlege prosedyren.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: