Skremd elgkyr….. ?

ho, på veg

Det som truleg er ei elgkyr, på veg mot heimover (nedover?) mot Fåbergstølen

Forrige søndag vart det observert det som truleg er ei elgkyr, i «full fart» heimover mot Fåbergstølen. Det vart spekulert i om ho var skremd av større rovdyr. Elgkyri vart observert og fotografert på ca 1 km avstand. Spori vart seinare observert av folk frå kommunen, og viste at ho hadde gått opp dalen mot Fåbergstølsbreen, noko som er litt merkeleg sidan det der ikkje finst beite.

Seinare har elgkyri vorte observert beitande i skogen over Tveravollen.

7 kommentarar to “Skremd elgkyr….. ?”

  1. eies Says:

    Kan det ha vore ein bjønn…?

  2. fos Says:

    Er ikkje mogleg å sjå om det er kyr eller okse på bilete. Elgoksen fell gevir rundt årskifte.
    Om det er unaturleg for ein elg å oppsøke plassar utan beite kan nok diskuterast. For nokre år sidan for det to eller tre elgar rett opp frå Fåbergstølen mot Fåbergstølsnosi i påsken. Trur det tok tre dagar så kom dei ned på bortsia på Grov.
    I fjor haust møtte ein gjeng skigåara elg på over 2000 meter i Hurrungane. Finst også mange andre historia om elg i høgfjellet om vinteren.
    Kan nemne att det på omlag 700 meter på Nigardsbreen ligg restane av ein elg.

    Dei seinare år er eg nok ein av dei som har følgt mest med på elgen her i dalen. Mange ganger har eg sett elgen spring utan å ha verken bjønn eller jerv i helane.

    Om det var mistanke om bjønn var det vel berre til å sjekke om det var spor etter bjønn på baksporet til elgen. Vore betre det enn å spekulere på om det var eit stort rovdyr. Og på den måten hause opp stemningen

    PS! Det finst bevis på att jerv har drept elg.

  3. fos Says:

    Naturoppsynet har sett spor etter elg opp til 1200 meter på sida av Fåbergstølsbreen såg eg på facebook no.

  4. eies Says:

    Gode og rette ord, fos! Viss ein skal skriva seriøst om slikt, so kan ein sjølvsagt skriva slik som du gjer. Og difor er det veldig bra at du skreiv eit innlegg, her !

    Elles trur eg folk flest etter kvart vil få eit meir avslappa og realistisk forhold til rovdyr, ogso dei store. Då vil dei og bli meir motstandsdyktige mot eventuell opphausing.

    At elg om vinteren har gått på stader utan mat, i fleire dagar, hugsar eg godt, for nokre år sidan. Tykkjer det er artig å følgja med på slikt. Elles var mesteparten av det eg skreiv basert på det andre har fortalt meg. Håpa at det kom tydleg nok fram.

    Eg tykkjer av og til at det folk meiner og trur kan vera like interessant som «fakta», men sjølvsagt på ein litt annan måte. Difor tykkjer eg det er eit flott supplement med faktaprega opplysningar, slik som fos skriv her. Prøver ogso sjølv å skilja mellom «fakta» og «synsing» når eg skriv.

    Kommenter gjerne meir, det gjeld ogso andre 🙂

  5. Bølla Says:

    Godt å bli beroliget fos, eg blei litt skremt med det same…..

  6. eies Says:

    Eg trur det er mykje farlegare å møta ei egkyr med kalv – enn å møta ein bjørn.

  7. eies Says:

    Eg har undersøkt litt. Viss ein elg kjem i galopp gjennom djupsnøen, so er det ofte folk eller rovdyr som har skremt han. Og i dette tilfellet kunne det ikkje vera folk. Slik sett er det nærliggjande å tru at ein jerv eller ein bjørn (ulv….. ?) har prøvt seg. Rovdyri lever ikkje av plantekost 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: