Jervajakt

jerv
Illustrasjonsfoto

I dag såg eg helikopteret, i sakte fart, heimover (eller var det nedover…) Vårstølen under Haugastølen, og eg tenkte at no er helikopterjakti i gang. Seinare ut på dagen høyrde eg at det var skote ein jerv nær Hafslo.

Eg tok ein trugetur i Bredalen. Der møtte eg ein pensjonert(?) fjelloppsynsmann saman med dalens yngste(?) sauabonde – spreke og trivelege karar, begge to. Dei var på jervasporing, men spori på Brevatnet var nok for gamle.

For sauabøndene og sauene sin del er det heilt greitt at jervestamma vert halden under kontroll på denne måten. Men litt synd tykkjer eg det er at jerven ikkje kan utnyttast til tradisjonell jakt og fangst. Eg er overtydd om at viss nokon vil gå i gang med jakt eller fangst av jerv, so bør dei kunna lukkast, her i Jostedalen. Stao pao, jegerar og fangstmenn !

15 kommentarar to “Jervajakt”

  1. eies Says:

    Motivasjonen min var mest å sjå om hjortane som kvart år plar vera oppunder fjellet på nordaustsida av dalen – var der. Såg kun ei kolle, men håpar at der er fleire. Utruleg nok veks der ein del alm, mest i form av krypande busker. Det er snadder for hjortane.

  2. Bølla Says:

    Burde ikkje vere vanskeleg å felle jerv i Jostedalen med så mange ivrige og tiltaksame sauebønder som kan spore jerv om vinteren. Dei har til og med satt ut 2 jervebåsar som dei drifter. Hadde det vore slik i resten av landet også så hadde nok rovdyrproblematikken vore mindre.

  3. eies Says:

    Tykkjer du kanskje er litt “tøff” mot sauebøndene, sjølv om samarbeidet mellom dei og hundeeigarar nok kunne ha vore bedre. Å driva fangst med jervebås er sopass krevjande at eg neppe trur folk i fast arbeid kan driva med det.

    Men med godt samarbeid er eg sikker på at det skulle gå. Og eg trur at langt dei fleste saueeigarar er villige til å støtta opp.

  4. Bølla Says:

    Tøff ??? Eg skryter av dei og trekker dei fram som gode eksempler for resten av næringa.

  5. eies Says:

    He he he……. eg trudde du var ironisk, eg 🙂

  6. eies Says:

    Og ryktet seier at i går SÅG folk frå Statkraft to jervar, ein ved Vetledøla og ein på Viva. ( Dette var eit so sjeldan historie at eg ikkje sjekka det, i frykt for at det ikkje var sant.)

  7. Bølla Says:

    Eg er ei enkel skjel, har ikkje greie på ironi.😉

    • eies Says:

      Eg er ikkje spesialist. Men enkelt forklart meiner eg at ironi er å seia eller skriva det motsette av det ein meiner 🙂

  8. eies Says:

    Formulerte meg litt klønete lenger oppe. Kan ikkje hugsa at eg har hatt ugreie med saueeigarar her i dalen. Men eg prøver å visa ansvar. Går på sauereineits kurs, men det er no ikkje nokon 100% garanti, men eg trur det hjelper.

  9. knut nybø Says:

    I tiden 13-1 til 12-3, 2014 er det innsendt 17 dna prøvar på jerv.

    • eies Says:

      Skal tru kor mange av desse prøvene som kjem frå det same dyret….. ? Det kan dei vel finna ut, og dermed få ein peikepinne på kor mange jervar det er snakk om. (Flott at du Knut har kome deg i vigør att!)

  10. ha Says:

    At det er skote jerv i nærområdet mitt har eg ikkje fått med meg. Men eg ser det som positivt for sauebøndene at ein klarer å ta ut litt av desse rovdyra.

  11. eies Says:

    Frå NRK Sogn og Fjordane: “Ein jerv vart i går felt i den ekstraordinære jakta som er starta. Den vart felt i fjellområda rundt Hafslo, seier Rein Arne Golf som er rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn i Sogn og Fjordane. I den ordinære lisensjakta i vinter vart ikkje eitt einaste av dei seks dyra det var kvote på felt, skriv Sogn Avis.”

  12. ha Says:

    Einar, eg klarer ikkje fylgje med på alt der eg sit på kontoret mitt ute i havgapet🙂

  13. eies Says:

    Eg seier so han Edvin på bui
    alltid sa til meg: “Du helde deg godt!”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: