Noen ganger er det ikkje ålright

skadeskoten elg

Fotograf: Kato

På “selvutviklingskurs” og i “selvutviklingslitteraturen” blir det ofte poengtert at ein skal ha lågt og lite fokus på det ein har mislukkast med i livet – viss ein vil ha framgang i livet sitt og oppnå “gull og grøne skogar”. Det er nok mykje sant og rett i dette. Likevel vil eg ta med nokre episodar eg har vore gjennom – episodar som ikkje ga meg gode følelsar.

I haust sat eg på post då ein elgokse kom. Han følgde vegen der viltet plar gå, og å fella denne med eit velplassert skot skulle i utgangspunktet vera som å eta graut. Ei bjørk gav meg ogso godt “framlegg”. Då elgen hadde breidsida mot meg, gjorde eg den vanlege prosedyren: Plystra eller laga en annan skarp lyd – to gonger. Men av ein eller annan grunn stoppa ikkje denne elgen.

Då var det eg gjorde tabben som eg ikkje skulle ha gjort: Eg skaut på elgen medan han var i bevegelse. Dei som har trena mykje på “løpende elg” på ei skytebane, kan muligens meistra eit slikt skot. Eg gjorde det ikkje. I ettertid viste det seg at kula hadde treft i eine låret og ryggen.

Elgen viste tydelege skotteikn, mellom anna gjorde han “baklengs salto” då han skulle opp ein liten bakke. Difor trudde eg ei stund at skotet var vellukka, men det var nok ikkje det.

Elgoksen la bak seg ein nokso bra distanse før han la seg ned, høgt oppe ved skoggrensa. Men heldigvis var terrenget slik at han kunne følgjast gjennom kikkertane til jaktkameratane mine. Til slutt var det han Leiv Rune som fekk jobben med å gå gjennom bratt og kronglete terreng. Han avliva den liggjande elgen med eit velplassert skot. Slik sett fekk jakti likevel ein vellukka slutt. Men eg håpar at ingen, verken eg eller andre, skyt på vilt i bevegelse utan å ha dei nødvendige ferdigheitene til det. Denne jakti gav meg vonde kjensler, og eg strevar enno med å finna att gleda ved å gå på jakt. Men det går seg vel til……..

—————————————————————————————————-

Skuldar å leggja til her: Sjølv om denne skadeskytingi kom av ei grov feilvurdering av underteikna, so høyrde eg ikkje eit einaste kritisk eller negativt ord frå dei andre på jaktlaget.

2 kommentarar to “Noen ganger er det ikkje ålright”

  1. ha Says:

    Det er alltid utriveleg når ein har feilberekna situasjonen og skadeskyter eit dyr på jakt. Me er mange som har vore borti det og dei fleste av oss vert meir forsiktige med å skyta neste gang.
    Jaktlaget ditt har ein flott haldning når ingen har sagt noko kritisk til deg om det som skjedde. Men det kan no og skuldast at du har sagt kva som skjedde og ikkje prøvd å pynta på det slik som ein ofte høyrer at folk gjer.

    Jaktlysta er noko som kjem og går, einkelte år er det ikkje så moro å vre på jakt som andre. Men når hausten kjem så byrjar det å krible litt og ein skyt opp prøven og tek ein tur eller to og opplever at jakta den er no tross alt morosam saman med gode vener.

  2. eies Says:

    Det er vel gjerne slik at har du gjort ein tabbe, so veit du det aller best sjølv. Moralisering frå andre kan ofte ha motsett effekt, det gløymer me lett.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: