Fleire glasplater frå Nils O. Reppen

Kari 12 Kari 11 Kari 10 Kari 9 Kari 8 Kari 7 Kari 6 Kari 5 Kari 4 Kari 3  Kari 1Kari 2

Det er Kari Johanna Yttri som har funne fram til fleire glasplater etter Nils O. Reppen. Har nokon opplysningar om kva me ser – ikkje sikkert at alle er frå Jostedalen.

—————————————————————————————————

Kari skriv: Bileti er tekne i 1898. Heilt sikker kan ein no aldri vera, men då var Reppen i Jostedalen og fotograferte kommunestyrevalet på Bjørk. Heile biletsamlingi ligg på avansert søk på foto på fylkesarkivet under: SFFf-1988009. Eg plar ta opp album på visning. Det er Tøger Kronen (1843-1909) og sonen Tøger Kronen (1891-1969) som står fremst på det som eg trur er Kruna. Eg skal leggja inn forklaringane som er komne fram her. Ein kan og leggja inn kommentarar direkte på bileti i fylkesarkivet.

Det er 391 bilete i samlingi. Nils Reppen (1856-1925) reiste rundt i mest heile Sør-Noreg. Han har kanskje teke minst 10 bilete i Jostedalen, men eg er usikker på fleire av dei. Det må lokalkunnskap til. Eg sender eit bilete av familien på Kruna til Einar Ese og so vonar eg at nokon kan fortelja kven som er kven av dei to eldste døtrene. Dei har like kjolar.

Med ein nettlesar der bileti er ordna loddbeint under kvarandre, prøver eg å oppsummer bilettekstane slik:

  1.  (Ormelid….. ?) Truleg ikkje Ormelid. Kan det vera Rebni og elvi frå Åsetvatnet i bakgrunnen ?
  2.  Kruna i Jostedalen. Dette går Kari ut i frå er Kruna. Så er det Tøger Kronen (1843-1909) og sonen Tøger (1891-1969). Men kven er kven av døtrene og eventuelt andre opplysningar?
  3.  Det same som ovanfor, men forstørra. Mykje dei same personane som på bilete 5. Tøger (faren) held ei flatfele, var han spelemann ?
  4.  ? ? ?
  5.  Kruna/Hesjevollen ? Kan jenta til høgre vera mor til Magne Hesjevoll ? Oddvar Kronen seier (Åse Kronen har skrive):Hei! No har Oddvar sett på bileti, og meinar bilete nr. 2, 3 og 5 er teke på Kruna. På bilete nr. 5 er personane: Bak frå v: Laurits Kronen ( 1880-1967), Laura Kristine Kronen (1876-1945), Ingeborg Marie Kronen (1878-1965). Framme frå v: Tøger Tøgerson Kronen (1891-1969), Tøger Larson Kronen (1843-1909), Maria Larsdt. Kronen, f Espe (1853-1908), Gjertrud Kronen(1893-1982). Bilete nr 2 og 3 er same folki, der er ikkje Laurits med. Kanskje han står bak ved hesten?
  6.  ?
  7.  Forstørring av det same.
  8.  Nitigardstunet (Der steinstova er no), den gamle møteplassen i Fåberg.
  9.  Fagredalsreset ? Mot Holåtindane og over ein djup dal som td. Mørkridsdalen?  Eller Anestølen? Bjørnar Bjørhusdal meiner dette er frå Sogndalseggi, ned mot Berge og så ser ein Fjærlandsfjell lengst bak, over Fj.landsfjorden
  10.  Sogndalseggi, seier Håvard Kastet
  11.  (Bergsetdalen ?) Lokalkjende folk seier at dette neppe er frå Bergsetdalen.
  12.  Tuftebreen (Bergsetbreen er feil) i Jostedalen og Tøger Kronen (1891-1969) Biletet skal vera teke i   1898.

7 kommentarar to “Fleire glasplater frå Nils O. Reppen”

  1. Tomas Kjørlaug Says:

    Liknar på Ormelid det øverste…

  2. Jiljelasguten Says:

    Nr 8 er i Nitigarstunet, den gamle møteplassen i Fåberg

  3. Jiljelasguten Says:

    Det er ikkje Ormelid, seier slekta mi i Fortunsdalen.
    Eg lurer på om det kan vera Rebni og elva frå Åsetvatnet i bakgrunnen?

  4. eies Says:

    Gode oppdateringar frå Kruna/Kronen !

  5. Kari Johanna Yttri Says:

    Eg må koma med dei opplysningane eg har funne ut.
    1. Framleis ikkje løyst, men eg trur det kan vera Flåmsdalen.
    2. Krundalen, Kruna
    3. Krundalen, Kruna
    4. Anestølen med Sogndalseggi i bakgrunnen.
    5. Familien på Kruna. Kven er kven av dei eldste systrene?
    6. Kyrkjestølen/Nystova
    7. Kyrkjestølen/Nystova
    8. Nitigardstunet i Jostedalen.
    9. Ned mot Berge i Fjærland. Fjelli i bakgrunnen ligg bak
    Fjærlandsfjorden.
    10. Botolvselet, Nordalen i Fjærland.
    11. Tuftebreen

  6. Kari Johanna Yttri Says:

    Reppen har ikkje teke bilete innanfor Viki i Luster. Det er syrgjeleg, men sant.

  7. Kari Johanna Yttri Says:

    Fyrste biletet er garden Halset i Arnafjorden, Vik kommune.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: