Om å eta daude dyr

For nokre dagar sidan køyrde eg på ein hare på Hesjevollen. Eller rettare sagt: Haren sprang rett og slett inn i sida på bilen min. Eg såg først haren oppå snøkanten, deretter høyrde eg eit dunk mot bakhjuli, trur eg. Eg tok med haren heim, tok ut innmaten, og laurdag flådde eg han.

Som de ser har eg hengt opp haren “feil” veg. Men som nokre kanskje har fått med seg, er det no meir og meir vanleg å flå hjort på denne måten. Slakteriet på Sørsida gjer det visstok på denne måten, og sameleis Hjortesenteret på Svanøy. Og dei gamle jegerane rister oppgitt på hovudet. Det var i alle fall veldig greitt å få av skinnet på haren på denne måten.

Om kvelden bruna eg  stykkji i smør og timian + pepar (sjølvsagt. Felespelaren S. B. Osa sa at det EINASTE krydderet ein treng, er PEPAR. Han likte ikkje denne nymotens kokkeleringi.)

Deretter la eg harestykkji i ei eldfast form, som stod i omnen “ei stund” på “nokre grader”. Mellom anna på grunn av eventuelle sjukdomar må haren gjennomsteikjast skikkeleg, til kjøtet er laust og slepper beini. I tilleg varma eg opp att denne eldfaste formi på søndagen, og let formi stå med varmen på ei god stund.

Haren var overraskande møyr og god. Ein kommentar frå ein av dei yngste om at dei kanskje ikkje kom heim so ofte, lenger, viss dei måtte eta daude dyr som eg fann etter vegane, var nok sagt mest på spøk, trur eg.

5 kommentarar to “Om å eta daude dyr”

  1. eies Says:

    Gløymde å skriva at eg kokte ut steikepanna med øl, det vart bra. Men vatn eller andre vesker fungerer sikkert heilt greitt.

  2. ha Says:

    Ein liten kommentar til flåinga. På hare er det og ofte brukt å ta eit snitt på tvers oppe på ryggen, for deretter å dra skinnet av delvis framover og delvis bakover. Men flåing når dyret heng etter hovud er effektivt, ein dreg skinnet av lettare. Som oftast vil ein unngå alle dei tunne kjøthinnene som ellers vil fylgja skinnet.
    Å koke ut panna for å få god kraft til saus er det einaste rette. Mykje god smak som alt for mange kaster vekk, som ligg i den pannna.

  3. eies Says:

    Einig, Helge!

  4. eies Says:

    – og so fløyte i sosen. Ca 1 teskei timian, pepar frå kvern: ca 1/2 teskei. Haren smakte godt!

  5. ha Says:

    Og når du skriv fløyte so er det berre ein ting som tel, og det er den ekta vara. Kremfløyte og seterrømme må til skal maten bli verkeleg god.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: