Planar

Han eies har fleire planar for blogginnlegg:

  • Han vil skriva litt om piperøykjing. Men so var det dette med skadeverknadene – korleis skal ein takla moraliseringi kring det…..
  • So har han lyst til å skriva om villrein. Men han har  framleis ikkje greidd å bearbeida bitterheita mot dei to som i første rekkje stogga Fylkesmannen sine planar. Og bitterheit gjer seg ikkje på trykk…..
  • So har han lyst til å skriva litt om elg- og hjortejakt, men ogso her har han problem med å formulera seg i ein sakleg og nøktern tone, so inntil vidare får det venta. Kanskje ein sakleg og nøktern tone ikkje alltid er det rette….. ?
  • Jervejakt burde det vore i Jostedalen, med bås eller på åtl. Men ogso her er det ein del kritiske røyster til eitt og hitt – korleis takla det….. ?
  • So kjenner han eies at han har misst ein del av jaktlysti. Korleis skriva om det utan å bli alfor «privat» og «klissete»…………

Kan blogglesarane hjelpa til – er det andre og greiare emne å skriva om……. ?

 

 

 

 

 

Advertisements

4 kommentarar to “Planar”

  1. Bølla Says:

    Jaktlysti kjem og går den, Einar.

    • eies Says:

      Kanskje det. Men hjå meg er ho svakare enn før. For nokre år sidan gjekk eg oftast med kikkert når eg gjekk tur – no ligg han att heime. Kanskje ikkje direkte døme på «jaktlyst», men det heng no litt i hop….

  2. Leon Says:

    Eg har aldri hatt jaktlyst og har levd godt med det.Eg har derimot røykt ein god del før i tida.Ikkje pipe,men rullings.Det var ikkje så bra. LEON

  3. eies Says:

    Me menneske er utstyrt med ulike lyster, nokre sterke og nokre svake, og nokre manglar me – utan å sakna dei. Men har me hatt ei sterk lyst, og denne minkar, då har det skjedd noko med oss. (Td. kan alderen og hormonbalansen spela inn.)

    Røyking er skadeleg, det veit me no. Eg vil ikkje rå nokon til å begynna. Men for enkelte kan røykjing ha ein positiv effekt. Då må me sjå den psykiske og fysiske helsa samla + den totale livssituasjonen.

    Det er ogso skadeleg å eta usunt, å sitja på røvi i stresslessen med dataen på fanget heile dagen………………..

    Men røykjing er i utgangspunktet, og truleg for dei fleste, SKADELEG.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: