Kurs med Håkon Høgemo

Fremste rekkje, frå venstre: Oda Bolstad, Ida Kristine Sagerøy, Håkon Høgemo, Mathilde Skjæret og Kine Svori. Bak, frå venstre: Åslaug Timenes Bell, Fredrik Hope, Einar Ese, Leif Erik Stuhaug, Ingrid Schei Stuhaug og Iselin Mulen Eikås.

Det har etter kvart vorte ein tradisjon at Jostedal Spel- og dansarlag arrangerer  hardingfelekurs (spel) i Jostedalen første helgi i januar, med Håkon Høgemo som lærar. Kurset i år var det 16 i rekkja av slike kurs, men Håkon har ogso halde kurs her i dalen, tidlegare. Ekstra triveleg var det at det denne gongen var med folk ogso frå Sunnfjord og Nordfjord. Når ein slik kapasitet som han Håkon held kurs, so er det berre flott at fleire kjem og vil læra.

Dette er den “gamle” kurs-læremåten med lærar og elevar i ein sirkel, og der læraren i starten deler opp slåttane i høvelege stubbbar som vert repeterte mange gonger – og so til slutt vert slåtten spela i samanheng.

Slåttane som vart arbeidde med på kurset var tre slåttar Håkon har frå læremeisteren sin, Lars Skjervheim:

  • Storemylnaren, ein springar der namnet kjem frå Myllarguten – Torgeir Augundsson.
  • Springar frå Voss. Denne slåtten finn ein som nr 136 i band IV av Norsk Folkemusikk, hardingfeleslåttar. Slåtten har elles vore brukt av sognaspelemennene Olaf Sperle og Jostein Fjærestad.
  • Rull etter Sigurd Borge. Denne slåtten har ein parallell i mellom anna  “Halling etter Jon Kjos”, og som Signe Flatin Neset har spela inn på plate.

Så var det to slåttar han hadde lært av Anders Kjærland:

  • Tussen i Buschmannshaugen, Denne hadde Kjærland lært av Torkjell Haugerud. Haugerud har sjølv sett saman denne slåtten der han har “pakka inn” slåtten “Kjerringa på Tinn” av Myllarguten.
  • Springar etter Lars Røynstrand (Halte-Lars). Denne slåtten har ein heilt klår parallell i valdresspringaren “Likferdsalmen åt Johma”, og denne slåtten spelte difor Håkon til oss, som illustrasjon.

Til slutt vart det gjennoomgått nokre slåttar frå ulike kjelder:

  • “Vassendaslåtten” frå Granvin, ein slått Håkon hadde etter fleire, og der han hadde sett saman si eiga form.
  • Solveig, reinlendar av Ola Bleie, som Sigbjørn Bernhoft Osa spela inn på plate.
  • Kjellarmann, vals av Svein Lutro. Denne hadde Håkon lært av Ola Kvammen.

«Dæ hjælper ikkje håss go’n e’, e’n ikkje kåmme i opprop», er eit sitat etter Myllarguten, som sjølv vart hjelpt fram av Ole Bull. Skal ein spelemann koma “i opprop” eller bli kjend og berømt, då er det ikkje nok at han er “flinkast” til å spela. Det er like viktig at han har eit miljø og folk om krng seg som kan hjelpa spelemannen fram. Det er ikkje alltid me har sterke nok miljø som greier dette.

Underskrivne har dei siste åri meir eller mindre lagt fela på hylla, ja, i tunge stunder har ho faktisk lege ute på Finn.no. Dette kurset var ein stor inspirasjon, no får me sjå korleis det går.

Einar Ese.

3 kommentarar to “Kurs med Håkon Høgemo”

  1. eies Says:

    Det beste kappleikopptaket eg har høyrt nokon gong, av “Tussen i Buschmannshaugen”, var då Jostein Fjærestad spela denne slåtten på Vestlandskappleiken i Balestrand i 1979. Han vart nr 2 på denne kappleiken, men dømminga på ein kappleik seier ofte meir om dommarane enn om utøvaren.

  2. eies Says:

    Ho Helene nemner (på facebook) at det i år er 100 år sidan Sjur Hesjevoll var fødd, og i den samanheng skal det vera eit jubileumsarrangement i Jostedalen 22. mars. Eg veit at det er mykje arbeid med å planleggja og gjennomføra eit slikt arrangement, kanskje i overkant mykje for eit lite spelemannslag og ei lita bygd. På lengre sikt og som ein draum og ein visjon kunne eg personleg ha tenkt meg å utvida denne kurshelgi som me no har hatt i 16 år, til eit litt større arrangement med til dømes kurs i spel, kveding, dans, måling og dreiing (som han Sjur ogso dreiv mykje med). konsertar utstillingar….. Dette vil krevja stor dugnadsinnsats og annan innsats, kanskje so stor at det er urealistisk. Men det er lov å drøyma…….. No gjeld det først og fremst jubileet 22. mars, det krevst stor innsats å få det i hamn på ein god måte, men det trur eg arrangørane greier 🙂

  3. Johnd221 Says:

    I appreciate, cause I discovered just what I used to be looking for. You have ended my four day long hunt! God Bless you man. Have a nice day. Bye ebdfbbeegbkk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: