For 50 år sidan…..

  • DSCN0015

Denne notisen stod i “Sogn og Fjordane” 9.desember 1963, og den vart trykt opp att i “Sogn Avis” 10.desember 2013 i spalta “Sogn og Fjordane for 50 år sidan”:

“Det ser no ut til å verta alvor av planane om å få reinsdyr i traktene mellom Sogn, Nordfjord og Gudbrandsdalen med di landbruksdepeartementet har lova å gje 100.000 kroner til kjøp av reinsdyr.

Sekretær Ø. Mølmen fortel til “Gudbrandsdølen” at departementet seinare kan vera viljug til å strekkja seg noko lenger, men det er fleire lokale tilhøve som må avklarast først.

Allmenningsstyret i Skjåk har tidlegare sagt at dei ikkje vil gå med på planane utan vidare, og dette kan føra til at departementet trekkjer tilbodet sitt attende, seier Mølmen.

Føresetnaden i departementet er at det er full semje om dette tiltaket.   (9.desember 1963)”

Ei tilbakemelding to “For 50 år sidan…..”

  1. eies Says:

    No ligg det ein fare i å lesa for mykje mellom linjene. Likevel anar eg ein viss motstand frå Sjåk si side mot reetablering av villrein i Luster. Kanskje det her ligg økonomiske motiv bak?

    Det same fenomenet har ein ogso sett i samband med bygging av laksatrepper. Dei som er nedanfor fossen/troppi er bekymra for at dei får mindre laks etter at fisken har teke troppi i bruk.

    I dag høyrest det imidlertid ut som at Skjåk har ei anna haldning. I samband med ei eventuell framtidig vekksmelting av breane i Gudbrandsdalen, har det vore sagt at dei ynskjer å ta i bruk Luster i større grad som sommarbeite, sidan dei seier/trur at breane i Luster er meir stabile.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: