Var og er Luster landbrukskontor under sterkt press ?

lam reinskalv

Ja takk, begge deler…

(Illustrasjonsfoto)

Det er framleis ei gåte for han eies kva som var den eigentlege grunnen til at Luster landbrukskontor, og dermed ogso Luster kommune, sa nei til det som truleg var ei gåve i millionklassen frå Fylkesmannen, då dei tidleg i 2011 sa nei til fagkonsulent Colman sin plan «Reetablering av villrein i Luster» Dette arbeidet og denne milliongåva vart stillt til rådvelde for villreininteressene i Jostedalen/Luster i samband med opprettinga av Breheimen nasjonalpark. Høgst truleg viser/viste landbrukskontoret til «Arbeidsgruppa» og vedtaket som vart gjort der, men det er heilt naturleg å sjå at Arbeidsgruppa bygde på kompetansen og i tillegg formelle og ikkje minst uformelle tilrådingar frå Landbrukskontoret, noko som i utgangspunktet ogso er naturleg. Eller er det eigentleg det… ?

Ein klok kar som både har peiling på politikk og byråkrati, hadde denne forklaringi: Landbrukskontoret var/er under press frå sauenæringi i Luster. Nokre bønder (kor mange….?) hevdar at villrein i fjelli våre vil trekkja til seg jerv, og soleis vil jerveplaga og jervedrap på sauer auka viss villreinen reetablerer seg her.

Hadde ogso ein samtale med ein leiande person bak utsetjingi i 1997, og han sa vel nokso klart at viss utsejingi hadde lukkast den gongen, so meinte han at då hadde heilt sikkert dei som stod bak utsetjingi fått skuldi for «jerveplaga» i Jostedalsfelli/Lustrafjelli sidan den gongen. Og det er forsovidt ikkje heilt urimeleg, eller….. ?

At Landbrukskontoret soleis var/er under press frå saueeigarar, kan verka logisk. Men personleg kjenner han eies berre til nokre få (eit par) saueeigarar som har eit slikt syn – derimot kjenner eies mange saueeigarar som er positive til villrein. Blant fagfolk har han heller ikkje funne dekning for eit slikt syn.

Personleg  trur absolutt ikkje han eies at Landbrukskontoret har late seg pressa på denne måten. Men det er framleis ei gåte  kvifor Luster kommune og Landbrukskontoret eigentleg sa nei til milliongåva i 2011, ei gåve som mellom anna innebar reetableringsplanar og -arbeid leia av høgt kompetente fagfolk.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: