Gamle bilete frå Jostedalen

Reppen 1 Reppen 2 Reppen 3 Reppen 4 Reppen 5

Eg har fått nokre bilete. Det skal vera  sokalla «glasplater» etter Nils O. Reppen og originalane skal vera på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sjølv ein innvandrar ser at dette må vera motiv frå Jostedalen. Men viss ikkje bileti alt er kjende blant folk flest, so vil det sikkert vera av stor interesse å få vita meir om kvar dei er tekne, kven personane er mm. Kanskje nokon kan syna bileti til eldre folk… ?

10 kommentarar to “Gamle bilete frå Jostedalen”

  1. Oddvin Fossøy Says:

    Alltid interessant med slike gamle bilete – ei svunnen tid !

  2. eies Says:

    Eg trør uti det, med begge beina, og prøver på ei stadfesting som heilt sikkert må korrigerast, ovanfrå og ned:

    1. Kruna med Myrhønna i bakgrunnen.
    2. Krokåsen med Bymannsfossen i bakgrunnen.
    3. Usikker (Fåberg? – men kva bre går dei på?)
    4. Elvekrok, med Nigardsbreen i bakgrunn.
    5. Bersetbreen ?

  3. Jiljelasguten Says:

    På bilete nr 3 går dei nok på Svorafonni til ære for fotografen.
    Kor gamle kan bileta vera?

  4. eies Says:

    Sidan fotografen var fødd i 1852, er det vel ikkje urimeleg å tru at bileti kan vera før 1900. Eg har lite peiling på fototeknikk, men ein kan lesa litt om «glasplater» her:

    http://levangermuseum.com/fotohistorie/

  5. Jiljelasguten Says:

    Det kan henda at ein av karane på Svorafonni er han «Endrerasmus.»

  6. eies Says:

    Han gjekk vel neppe i nikkers, so då KAN han vera den fremste. (Det var jo han som gjette bort reinen for tamreinlaget i Skjåk i følgje «Ottadalsreinen», side 193. MULIGENS var det ogso han (eller son hans) som førde Ivar Aasen over breen. ) HEILT SIKKERT er det at han overvintra med familien på Fåbergstølen – og vart nekta av lensmannen å busetja seg med familien i Øy.
    ——————————————————–
    Og viss eg ikkje hugsar heilt feil, so drap han Endre-Rasmus ein «fant» i fjellet då denne fanten prøvde å drepa Rasmus og ta pengane hans. Har ogso høyrt, som eit rykte; at han grov ned denne fanten inne i fjellheimen, og at han Hallvard Horpen sa at på den staden låg det mykje «høveleg stor» stein, som vart brukt til å dekka over liket.

    Det er viktig at det meste av dette er rykte og segner som ikkje er «verifiserbare». Men det fortel likevel at han Endre-Rasmus må ha vore ein heilt spesiell og særmerkt person, sidan det er knytt so mykje segnstoff til han.

  7. Jiljelasguten Says:

    Eg meiner at eg ser Røvomnen skule på biletet med Fåberg og Bymannsfossen i bakgrunnen, kvitmåla eller retusjert.
    Den stod ferdig i 1891, so biletet må vera yngre enn det .

    Må vera teke seint på sommaren skulle ein tru , for det er lite snø.

    Svorafonni må ha vore stor det året , eller kan biletet vera manipulert?

  8. eies Says:

    Tykkjer dette bildet verkar retusjert på ein litt primitiv måte. Ser ut som om at gras med enorm lengde har lagt seg flatt i framgrunnen.

    Er det ei løe nede til høgre i bildet?

  9. Kari Johanna Yttri Says:

    Bileti er tekne i 1898. Heilt sikker kan ein no aldri vera, men då var Reppen i Jostedalen og fotograferte kommunestyrevalet på Bjørk. Heile biletsamlingi ligg på avansert søk på foto på fylkesarkivet under: SFFf-1988009. Eg plar ta opp album på visning. Det er Tøger Kronen (1843-1909) og sonen Tøger Kronen (1891-1969) som står fremst på det som eg trur er Kruna. Eg skal leggja inn forklaringane som er komne fram her. Ein kan og leggja inn kommentarar direkte på bileti i fylkesarkivet.

  10. Kari Johanna Yttri Says:

    Det er 391 bilete i samlingi. Nils Reppen (1856-1925) reiste rundt i mest heile Sør-Noreg. Han har kanskje teke minst 10 bilete i Jostedalen, men eg er usikker på fleire av dei. Det må lokalkunnskap til. Eg sender eit bilete av familien på Kruna til Einar Ese og so vonar eg at nokon kan fortelja kven som er kven av dei to eldste døtrene. Dei har like kjolar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: