eies – no ogso som pølsemakar

Pølser

Dei underste er kokepølser med 50/50 svinekjøt/hjørtakjøt, litt salt, pepar og vatn. Oppå ligg eit eksperiment: Spekepølse av reint hjortakjøt, salt, sukker og pepar. Eies fekk hjelp av ei av dei flinkaste husmødrene i dalen til kokepølsene, so dette kan bli bra.

No har pølsene lege to døger i turrsalting. Han eies tok og skolte av saltet, pakka kokepølsene (som IKKJE må koka, men trekkja i kanskje bortimot to timar seier husmori – me får sjå, seier han eies. Vatnet skal altso ikkje koka, berre trekkja, for elles sprekk pølsene [vatnet skal “smila” – men ikkje “le”,  seier bror hans] ) i plast, og so hamnar dei i frysen.

Alle Jostedalens vordande amatør-pølsemakarar sin mentor, uttaler at spekepølsene kjem til å bli veldig turre/harde. Han eies burde ha tilsett minst 30% feitt (spekk), då ville det ha gått betre. Dette tipset vert no spreidd vidare. Spekepølsene vert deretter turka nokre dagar, deretter hamnar ogso dei i frysen, truleg.

3 kommentarar to “eies – no ogso som pølsemakar”

  1. eies Says:

    Ho lyse i kassen seier at ho ikkje legg pølsene i salt, men legg dei rett i frysen etter at dei er ferdige. Då har ho sikkert meir salt i pølsedeigen.

    Det er fleire vegar til Rom, eller: Det er fleire måtar å laga ei pølse på.

    Visdomsord: Alt har ein ende – men pølsa har to. 🙂

  2. eies Says:

    Eg brukte denne: http://breens-jaktutstyr.no/index.php?main_page=product_info&cPath=63&products_id=328

    Fungerer mykje betre enn den tuten ein kan setja på kvedni.

  3. eies Says:

    Oppskrifter mm.: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=5&t=12312&hilit=p%C3%B8lse

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: