Gjestejeger

Han eies fekk for ei veke sidan spørsmål om han ville vera med å jakta i eit anna jaktlag. No har han av ulike grunnar vore relativt lite aktiv som jeger i haust, men då han høyrde at dei mellom anna hadde nokre tette granfelt der hunden hans kanskje kunne gjera ein god jobb, so slo han til.

Det gjekk som det plar gjera dei fleste gongene: Ingen hjortar skotne. Men det var triveleg å vera med. No er jakti ofte tufta på lokale erfaringar og lokale tradisjonar. Men truleg vil dei fleste tilføra jaktlagi sine nyttige erfaringar viss dei av og til deltek i eit anna lag (Som ein kar sa det: Om du ikkje lærer noko positivt, so kanskje du lærer korleis du IKKJE skal gjera det.)

Han eies anbefalar andre om å delta som gjestejegerar, viss dei får høve til det.

6 kommentarar to “Gjestejeger”

  1. HA Says:

    Det var hyggeleg å ha deg med og du skal ikkje sjå vekk fra at du vert bedd med seinare ein gong. Men då ein dag der me ikkje held på å blåsa vekk🙂

  2. eies Says:

    Dårleg ver er nok verre for dei som sit på post enn for jagarane eller drivarane.

  3. HA Says:

    Det har du rett i. Du fekk no holde varmen heilt til me hadde kaffipausen🙂

  4. eies Says:

    Eit gullkorn frå vår lokale Sjur H.: “Alle har verdens beste hund – inntil det motsette er bevist!”

    I Jostedalen var det rikeleg sporsnø denne dagen, difor rekna eg med det vart sporsnøjakt her – utan hund. Dette er noko som berre dei som har hund forstår, trur eg: For ein hundeeigar gir det ofte større glede å få jakta med hunden sin, enn å få kjøt i sekken med seg heim.

  5. Bølla Says:

    Enig med siste talar.

  6. eies Says:

    Takk! (Men eg er no ein kjøtjeger, likevel…..)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: