Viltpåkøyrsle ved Gjerde

Det svarte under magen på bukken har ikkje noko med påkøyrsla å gjera, det er noko bukkane får i paringstida. (Biletet av bilen har eg “knabba” frå ei facebookside.)

Påkøyrsla skjedde om kvelden, ca midtveges mellom Gjerdekvile og butikkane på Gjerde. Her har det dei siste åri vorte eit hjortetrekk av dyr som kjem frå skogen, og som om kvelden og natti beitar på den dyrka marki nedanfor (aust for) vegen. Denne bukken hadde gått nokso nær skiltet der det står “Gjerde”.

Utan å kjenna til detaljane kring det som skjedde, verkar det meiningslaust å lasta bilføraren, og heldigvis har det ikkje vore personskade. Vegen går her i ein svak kurve og hjortane kjem so raskt ut i vegen at det trengst flaks for ikkje å køyra på dei. “Nesten-påkøyrsler” har skjedd her fleire gonger, og det er heilt tilfeldig at dette ikkje har skjedd tidlegare. (Han eies har kollidert både med elg og hjort so han veit litt om kva han snakkar om.)

Etter påkøyrsla gjekk bukken 300 – 400m mot fjellet, og morgonen etter vart han funnen, daud, av vakthavande ekvipasje frå Luster Ettersøksring saman med viltoppsynet. (Dette kan kanskje vera med på å avkrefta myten om at ein alvorleg skada hjort ikkje går i motbakken.) Det var ikkje blod å sjå i sporet, og utan sporhund er det usikkert om hjorten hadde vorte funnen før ramn, kråker og andre fuglar hadde starta festmåltidet sitt der.

Det er svært gledeleg at det denne gongen vart brukt sporhund på ettersøket. Uansett årsak, har det vore eit stort sakn at sporhundane i Luster Ettersøksring altfor sjeldan har vorte brukte ved kommunale ettersøk. Det er prisverdig viss dette er innleiinga til ein ny praksis.

Ein sporhund er ikkje ei maskin, men eit levande individ med fantastisk luktesans. Det som er med på å gjera ein ettersøkshund god, er at han blir brukt mykje. Spesielt korte ettersøk der hjorten ligg i nærleiken, er glimrande trening. So hundane våre blir betre og betre di fleire ettersøk dei får gå – nok ein gong: Korte ettersøk på +/- 150m er kjempegod trening og gir dyktigare hundar. Det er å håpa at både jegerane og Kommunen tek dette til seg.

Sporhundane blir ikkje betre enn den treninga jegerane og Luster Kommune kan gi ettersøksekvipasjane!

Ei tilbakemelding to “Viltpåkøyrsle ved Gjerde”

  1. eies Says:

    Trur eg lyt poengtera at dette ikkje er meint som nokon anklage eller kriikk mot Kommunen eller jegerstanden generelt. Noko slikt har ikkje noko for seg!

    Men vil gjerne trekkja fram ein praksis der jegerane som har skote hjort, og ser nokolunde kor han ligg, ringjer til ein ettersøksjeger slik at hunden får spora dei fåe meterane frå litt før skotplassen og fram til den daude hjorten. Eg trur at dette er den beste motivasjon og trening hunden kan få. Etter nokre slike korte søk forstår hunden mykje betre kva det dreier seg om.
    ——————————————————
    Og ein ting til: De ser at det er “busta” litt av hjorten, kanskje nokon reagerer på det. Då må eg berre tilstå: Det er eies og “Ulva” som for trening gjekk same sporet, og sidan det er ein unghund, so fekk ho lov å busta litt. So det er ikkje hunden som fann hjorten første gongen som er “syndaren”.
    ———————————————————
    Bukken skal no gjera teneste som “åte for rev og ramn”, i alle fall det første. Og kven veit: Kanskje kjem det ein “vielfrass” og vil ha ein smakebit – då vil den stakkars bukken verkeleg få ei verdig endelykt…..!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: