Hjort angreip ettersøkshund

Ein kamerat fortalde denne historien som eg prøver å gjengi so godt eg kan. Dei var på ettersøk etter det som seinare viste seg å vera ein middels stor bukk, med eit høgt vomskot, langt framme. I tillegg det som truleg kun var eit streifskot i nakken. Ettersøket hadde vel pågått i bortimot 600 meter, skoten på morgonen og ettersøket nokre fåe timar seinare same dagen. Dei kom inn i tett småskog og hundeføraren måtte åla og krypa seg framover.

Brått angreip hjorten, ikkje med geviret, men “steila” opp med framføtene og trampa i marka rett framføre hunden. Dette gjentok seg to gonger. På grunn av den tette vegetasjonen fekk ikkje den medfølgjande jegeren skote heller før det hadde gått ei stund.

Men alt enda heldigvis godt til slutt.

3 kommentarar to “Hjort angreip ettersøkshund”

  1. eies Says:

    Elgen angrip visstnok med geviret: http://www.dagbladet.no/2013/09/29/nyheter/innenriks/dyrenes_nyheter/elg/29517063/

  2. Bølla Says:

    I fjor hadde Ronja stålos på ein stor bukk, eg såg på lang avstand at bukken gjorde utfall mot hunden, også den slo etter hunden med framføtene. Dette var ein uskada hjort og hadde muligheit til å springe fra hunden hvis den ville. Vi hadde ikkje att løyve på bukk……

  3. eies Says:

    Artigt å lesa 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: