Er kjøtet etande……?

I mangel på fiskebilete eller andre blogginlegg, tek eg denne historien:

Under jakti i haust skaut eg ein hjortekalv om kvelden. Uheldige omstende gjorde at hjorten vart liggjande til neste dag før han blei vomma ut. Skotet hadde ikkje punktert vombi, men gått gjennom begge lungene, rett bak bøgene. Spørsmålet vart då: Var dette kjøtet brukande til folkamat?

Som ettersøksjeger er det ikkje uvanleg å finna vomskoten hjort, daud, dagen etter påskytinga. Det er ulike meiningar om kjøtet då er etande. Somme seier, enkelt og greitt: Eg et ikkje slikt kjøt!

Ein ettersøksjeger eg kjenner, seier at slikt kjøt er heilt greitt å eta. Ved vomskyting er det berre å vera ekstra reinsleg ved slaktingi. Han har vidare ein spesiell metode han anbefalar: Opna hjorten frå ryggsida utan å ta ut vombi, ta ut ytrefiletane, bøgene, eventuelt låri og lata resten liggja att i skogen. (Men eg skal heller ikkje stikka under ein stol at andre seier nokso bestemt: Eg et f….. ikkje røvaåtl!«)

Ein gong, ved eit ettersøk der me fann ein vomskoten hjort dagen etter, ringde eg til Mattilsynet. Med alle forbehold om at eg kan ha misoppfatta deler av svaret deira, sa dei det slik: Viss bederva kjøt blir hengt til modning, skal ein jamnleg inspisera kjøtet – spesielt ved å lukta på det. Viss kjøtet er bederva, er du ikkje i tvil viss du luktar på det.

Sameleis kan du ta eit kjøtstykke og koka eller steikja det. Lukti vil med ein gong røpa om kjøtet er etande – i følgje samtalen med Mattilsynet.

Men egentleg trur eg ikkje folk høyrer so altfor mykje på Mattilsynet i denne saki. Fordommar og det at me «trur» me kjenner ei lukt er nok ofte avgjerande i slike tilfelle. For å ta nokre andre eksempel: Nokre vil ikkje eta kjøt av bukkar i brunst, somme vil ha biffen blodig i midten – andre vil ikkje sjå ein bloddrope på tallerken, somme et «biff tartar» – andre vert kvalme berre ved tanken, somme et svidde hjortahove (smalehove) – andre tykkjer slikt er tull. Og somme nektar konsekvent å eta hjortakjøt. (Sjølv må eg berre tilstå at eg ikkje alltid får mine næraste til å gå «under fella» etter hjortekjøt, sjølv om kjøtkvaliteten er førsteklasses, etter mi vurdering. Men her kan det sjølvsagt vera kokken/eies som har svikta.)

Personleg ville eg lata kjøt frå eit slikt slakt gå rett i frysen. Det skal visst gå an å «hengja» det eit tilrådd antal døgngrader, men det ville eg  ha kutta ut i slike tilfelle.

Denne problematikken la eg ut på Facebook 5.september i gruppa «Hjort – Hjortejakt», og det kom fram mange meiningar. Det kunne ogso vore artig å høyra om folk lokalt her omkring har meiningar eller erfaringar å koma med.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: