Reinobservasjon ved Handspiki

2013 Jomar spor 2013 Jomar sko

Foto av spori.

Frå han Jomar H. fekk eg følgjande gladmelding: Såg far etter 4-5 rein på Handspiki i dag. Helst truleg vaksne dyr av noko varierande størrelse. Fari var truleg frå i natt el tidleg i dag [Søndag 21. juli]. Komne opp snøfonni på Sprongdalssida og kryssa rett nord over Handspiki.

Advertisements

6 kommentarar to “Reinobservasjon ved Handspiki”

  1. eies Says:

    Etter som eg forstår har Luster kommune lagt ut saltsteinar i Nørdstedalsområdet. Dette er truleg ein effektiv måte for å få reinen til å etablera seg og bli verande i eit nytt område, og ikkje minst er det ein svært billeg måte å driva reetableringsarbeid på. Kommunen skal ha all ros for at dei har lagt ut saltsteinar i Nørdstedalen. Eit glimrande tiltak av Luster kommune !

    So langt eg kjenner til har det ikkje vorte lagt ut saltsteinar kring Styggevatnet/Austdalsvatnet, i regi av Luster kommune siste åri.

    (Men rett skal vera rett: Eitt år la Luster kommune ut nokre steinar ved Styggevatnet, og eg fekk to saltsteinar av kommunen som IceTroll frakta inn til Statkrafthytta.)

    Kvart einaste år burde det etter mi meining liggja saltsteinar klar i Styggevassområdet (og i Sprongdalen) i tilfelle det streifar ein liten villreinflokk forbi. Det kan få reinen til å stoppa ei tid i området. Å koma heseblesande nokre veker etterpå og leggja ut ein saltstein eller to i fotspori der reinsflokken har passert, det vil ofte vera for seint.

    Luster kommune ved kommunestyret valde i 2011 å seia nei til fagkonsulent Colman sin plan for reetablering av villrein i Luster sin del av Breheimen – og dermed sa dei ogso nei til Fylkesmannen sitt tilbod om samarbeid – noko som mellom anna innebar større årlege økonomiske tilskot til reetableringsarbeidet.

    Dette må me no diverre ta konsekvensane av. At det er økonomiske årsaker til at at Luster kommune ikkje vil leggja ut saltsteinar i Styggevassområdet, det er likevel uforståeleg, og uansett ei uforståeleg prioritering. Kostnadene med innkjøp av saltsteinar er beskjedne, og utfraktinga i terrenget kan gjerast på dugnad. Eg håpar i det lengste at dette berre er ein «glipp», og at kommunen so snart som råd er vil starta opp med årlege utleggingar.

    (Kan i den samanhengen nemna at i 1990-åri då det fleire år på rad var bukkeflokkar i Sprongdalen og kring Styggevatnet, då la han som hadde tilsynet med Sprongdalshytta på eige initiativ ut saltsteinar ved hytta i Sprongdalen. Eit prisverdig tiltak!)

  2. k.nybø Says:

    villrein! ????.

    • eies Says:

      Ja dette må vera villrein.

      Velkommen tilbake til bloggen! Det var litt av eit uhell du kom ut for. Imponerande at du no er tilbake på arenaen.

      Velkommen!

  3. k.nybø Says:

    Villrein uten nattklauv og sko nr.47, eg er tvilande.

  4. eies Says:

    «Nattklauver» er eit nytt ord for meg. Er det det same som biklauver/sideklauver/lagklauver…..?

  5. k.nybø Says:

    Trugane til rein.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: