Einar Espe sitt elggevir vart nr. 5

2012 elg

Fotoet er av eit elggevir som no heng på Breheimssenteret.

I følgje “Jakt og Fiske” nr. 8, 2013, vart Einar Espe sitt elggevir nr. 5 i kåringa av “Årets elggevir 2012”. For å sitera bladet: Årets overraskelse på elgfronten kommer fra Luster i Sogn. Einar Espe sitt gevir på 305,2 poeng fra Sjurstølshammeren inn mot Breheimen er solid ny fylkesrekord.

Om “fylkesrekord” for elggevir i Sogn og Fjordane er ein stor prestasjon, kan sikkert diskuterast. Han eies kan elles ikkje hugsa å ha sendt inn noko gevir til kåring av “Årets elggevir 2012”, so eventuell “heider og berømmelse” må nok tilfalla Hr. Espe.

Å  fokusera på gevir-kåringar som “prestasjonar”  er elles nokso kontroversielt. Ut frå  nyare forvaltningsteoriar bør ein ikkje einsidig jakta på hanndyra som har størst gevir eller størst vekt, det er heller ikkje ein større prestasjon å skyta eit dyr med “rekordgevir” enn å skyta eit mindre dyr. Dette gjeld både elg, hjort, rein og sikkert fleire med. Men ulike meiningar er det om dette som med det meste elles i verdi, heldigvis.

Men elgen som Einar Espe skaut er no ein gong daud, det same er elgen som hadde geviret som no heng på Breheimssenteret – til venstre like etter at du kjem inn døri.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: