Hjortemøte på Fjordstova

Inger Moe innleidde og avslutta møtet. Med alle forbehold: Hjorteforvaltningi skal bli meir grunneigarstyrt. Dei nye forvaltningsområdi skal omfatta det område som ei hjortestamme nyttar – i prinsippet. Det er frivillig om dei enkelte valdi vil gå inn i eit slikt forvaltningsområde, og dei som vel å stå utanfor, vil få tildelt løyvi direkte frå jordstyrekontoret.

Det var to representantar frå Jostedalen og to frå Gaupneområdet! Desse fire fekk ei gruppeoppgåve der dei mellom anna skulle teikna opp trekkvegar og føreslå grenser for «sitt» forvaltningsområde. Heile Jostedalen pluss Indre-Hafslo vart føreslege som eitt område.

Innvendingane var: Kvifor skulle ikkje Råum og Nes vera med…. ? Og burde ikkje Kaupanger ogso vera med…. ?

Som det vart sagt i gruppa: «Det er nok mange snubletrådar i dette opplegget !»  Og NB!: Dette er berre slik eies oppfatta det.  Andre møtedeltakarar  ser det kanskje annleis. So  skriv gjerne ein kommentar til dette.

———————————————————————————————-

Her kan ein lesa meir om bakgrunnen for den nye måten å forvalta hjort på: http://hjortevilt.no/wp-content/uploads/2013/05/Forvaltning-av-hjortebestand-2013-2017-endeleg.pdf

Det er mykje anna å lesa om dette på nettet. Slik eg forstår det, skal hjort forvaltast som ein «bestand». Til dømes kan no Veitastrondi og Kaupanger samarbeida om kor mange storbukkar kvar av dei skal skyta. «Gulroti» er vel at alle fellingsløyvi skal gjevast som «frie dyr».

Men korleis vandrar hjorten? Eg forstår det slik at Merkjeprosjektet  ( – resultatet skal liggja ein stad på denne linken. Viss nokon finn meinigsfulle tal, so ver snill og skriv i kommentarfeltet) som har vore drive dei siste åri skal gi oss svar på dette. Men hjortevandringane kryssar kommune og fylkesgrenser, og sjølv om om slikt i prinsippet ikkje skal vera til hinder for samarbeid, so ser eg «snubletrådar» for gjennomføringi her. Kaupangerhalvøyi er td. vinteropphaldstad for hjort frå store deler av midtre- og indre Sogn.

Samarbeid på tvers av grenser er aktuelt på mange omåde, tenkjer her på td. Sogn Kulturskule, kommunesamanslåing og sikkert mykje meir. Intensjonane bak «Forvaltning av hjortebestand 2013 – 2017» er sikkert idealistiske og gode. Eg tykkjer likevel litt synd i Arve Aarhus som no skal reisa rundt og predika den glade bodskapen til grunneigarar og jegerar i Sogn og sikkert endå vidare. Men han gjorde jobben sin på møtet, PowerPointen rusla og gjekk upåklagelg, og ein laber og fåtallig forsamling sat lydige og prøvde å fylgja med, men utan den heilt store entusiasmen.

Advertisements

4 kommentarar to “Hjortemøte på Fjordstova”

  1. HA Says:

    Var eit interesant møte og nyttig å få vite korleis forvaltninga har tenkt at ting skal vere i framtida.
    Kvar hjorten levere til dei forskjellige tider har, er og vil bli det store diskusjonstemaet når det gjeld forvaltninga. Me jegrar har i mange år hatt vår oppfatning om korleis det kartet ser ut. Og i mange tilfeller er det blitt bekrefta av hjorteprosjekta. Einkelte områder peiker seg ut som vinterbeiteområder for mykje hjort. Kaupanger, Solvoren, Eikjastrondi/ deler av Indre Hafslo og Nes er mykje brukt.

    Hjorten som brukar Hafslo og Veitastrond som sommarbeite trekker stort sett til Kaupanger og Solvoren, men det er nok dei som og reiser innover og held til på Eikjastrondi/ Indre Hafslo. Odeler g så er det nokre som trekker mellom Veitastrond og Fjærland.

    Jostedalshjorten er eg meir usikker på men har alltid trudd at trekker til Nes og Eikjastrondi/ Indre Hafslo. Men ein kan ikkje sjå vekk fra at nokre eksemplar av dette flotte dyret også tekker mot Solvoren og Kaupanger.

    Oppfatninga på møtet var at det var eit klart skille mellom Luster og Skjolden, hjorten her brukte verken sommar eller vinterbeitet saman.

    Skjolden, Fortun og sørsida av fjorden vart vel også sett på som eit område.

    Det som er sikkert er at det ikkje er klare grenser for eit bestandsområde.
    For å bruke Hafslo og Veitastrond som eksempel: Hovedtyngden av hjortane trekker mot Kaupangerhalvøya ( og rundballane der) om vinteren. Men nokre trekker til Fjærland og ein del trekker mot Eikjastrondi.
    Skal ein då trekke grensa for kvar «vår» bestand held til etter kvar majoriteten trekker eller skal ein sikre seg og ta med dei områda som einskildindivid nyttar.

    Vil det vere fornuftig å trekke grensa mellom bestandsområda slik at ein deler Luster kommune i to, med grensa i Gullringen. Samt at ein tek med Kaupangerhalvøya ( deler denne etter hovudvegen) til den ytre delen av kommunen?

    Eller er det meir fornuftig å trekke ei grense der Veitastrond/ Hafslo samt deler av Indre Hafslo ( skille mellom Falkagjerde og Veo) samt Mollandsmarki og ut på Kaupanger er eit område. Jostedal med resten av Indre Hafslo og inn til grensa mot Skjolden vert eit område.

    Foreløbig så er det mange fleire spørsmål enn svar.

  2. eies Says:

    Takk for kommentaren din, HA!

    Eg er framleis usikker på kor sikker forvaltningi er på trekkrutene til hjorten i Luster. Kor mange hjortar vart til dømes merkte av dei som beitar fremst i Jostedalen om sommaren? Kan du HA eller andre finna fram resultati av Merkjeprosjekta? (Å konkludera på grunnlag av 3 – 4 merkte hjortar tykkjer eg er littt usikkert.)

    Eg er ogso spent på om grunneigarane er modne for eit slikt samarbeid. Det vil vel nærmast oppstå eit nytt «mini-byråkrati» i kvart bestandsområde. Vil nokon gjera dette arbeidet utan løn/godtgjersle ? Omorganisering botnar ofte i eit ynskje om økonomiske innsparingar, og på landbrukskontoret kan dei då etter kvart ta til å kutta stillingar…..

  3. HA Says:

    Svaret er enkelt det Einar.
    Dei merkte hjortane på vinterbeite. Eg har forsøkt før å finne tilbake til merkeprosjektet men har ikkje klart det på lenge. Mogleg at dei har ein link til det hos viltforvaltninga.

  4. eies Says:

    Viltforvaltningi hadde lnk, ho Inger sende denne:

    http://www.sfskog.no/AnnaStoff/MerkeProsjektRapport.pdf

    Då er det berre til å lesa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: