Revelokking

Han eies kjem stadig “ut av skapet”, som det heiter. Han har begynt å lokka rev. Revelokking med andre ord. No er dette likevel ikkje heilt rett. Sanninga er vel meir at lokkinga til eies har hatt ingen eller helst negativ effekt hittil, og han har ikkje sett so mykje som ei einaste reverumpe. Ein kveld vart han faktisk litt skjelven då nokre skiløparar med hovudlykt nærma seg faretruande. “Har dei med børse for å skyta dette dyret som driv og ber seg so ilt…?” var ein tanke som for gjennom hovudet på revelokkaren. Men heldigvis gjorde dei retrett so eies slapp å vinka med det kvite flagget (som dei heller ikkje hadde sett mot snøen) og ropa “Peace, peace, peace…!”  – eller kva ein no skal ropa i ein slik akutt situasjon.

Lokkefløyter er dyrt, og ein nybegynnar som skal ha “alt” må snøgt ut med ei lita formue. ( – sjølv om “formue” ikkje so svært mykje pengar med eies sin økonomi og språkbruk). Difor ligg det her ein kort instruksjonsfilm om korles ein kan laga si eiga lokkefløyte med enkle materialar og enkelt verktøy: MAKING A TENTERFIELD FOX WHISTLE

Elles er dette med lokking utruleg fascinerande, og sjølv om “lokkekameratane” har skote både rev og mår, so har ikkje eies tenkt å gi seg – enno. Uansett er det særs viktig i små samfunn at folk har noko å prata om og flira av. Det er mykje god terapi i det.

Ei tilbakemelding to “Revelokking”

  1. eies Says:

    Og her er lokkefløytene til Storfangst.no, ved Tor Ola Dehli, den kjekke unge karen som hadde lokkekurs i Gloppen:

    http://www.storfangst.no/?nr=90&idkategori=106

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: