Hjorten – det vakraste dyret….

kronhjort Meves

Far min hadde vorte 103 år om nokre dagar. Han skaut mange hjortar i Esedalen, Halsali, som staden vart kalla, dei aller fleste var bukkar. Nokre skaut han før og under krigen, men dei aller fleste etter krigen.

Han hadde eit fast uttrykk som han ofte brukte: “Hjortane er atfor fine dyr til å skytast.” Etter kvart som åri går, tykkjer han eies at desse ordi vert viktigare og viktigare. Sjølv reknar han seg som naturvernar og dyrevernar – om han etter kvart “heng børsa på veggen”, vil tidi visa.

Ordi frå  jegeren Martinius (Martines) Bøen då han såg ein rev på sine eldre dagar, har han eies heller ikkje gløymt: “Du har meir bruk for skinnet ditt, du, enn eg!”

2 kommentarar to “Hjorten – det vakraste dyret….”

  1. eies Says:

    Når det gjeld “lugom-karar” som gudbrandsdølene seier, tykkjer eg det er greitt å strekkja grensa for slekti si litt lenger. Han Martines var svigerfar til syster til kona mi, og eg fekk soleis oppleva han nokre stunder. Han var ein klok mann og ein stor ordkunstnar. Ein gong han vart påspandert ein dram, kommenterte han slik: “Denne var so god at eg skulle hatt eit snøre i han!” (Han meinte vel at han då kunne trekkja drammen opp att etter snøret og soleis nyta det å svelja drammen fleire gonger.)

  2. eies Says:

    Han Martines var ogso ein del i lag med onkelen min, Sigurd Ese, som var ingeniør då Sognafjellsvegen skulle planleggjast. Dessverre tapte Sigurd i den faglege diskusjonen med overingeniøren den gongen. Hadde Sigurd sitt syn vunne fram, hadde Sognefjellen vorte heilårsveg den gongen, altso frå starten av – og fram til i dag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: