Jerv – ikkje berre rykte lenger

Jerv avliva i Luster 14. mars 2013 (Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen.)

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen – NRK Sogn og Fjordane.

Det har vore “mistenkeleg” stille om jervefangsten denne våren. Til og med sauebøndene sjølve har visst lite eller ingenting. Men i denne reportasjen frå NRK Sogn og Fjordane kjem det ei grei oppsummering.

Slike  bilete som dette, dette og dette vil me neppe få sjå i år – små nusseleg og søte små jervebabyar i hjelpelaus positur på ei snøfonn. Truleg har “støyen” og kritikken mot SNO og sauebøndene vorte ein so stor belastning at dei no har valt å gå stillare i dørene – og dette gjeld ikkje minst i media. På den eine sida er dette litt synd, for “uttaket” av jerv og jervekvelper er ikkje ulovleg, og litt debatt skadar ikkje. Men eies trur – og poengterer trur – at det altso her er gjort eit val om å ha ein lægre profil enn tidlegare år, ogso i media.

Ulempen med ein slik “pållisi” er at rykteflaumen blir desto større. “Jeg siger ikke mere…….”

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: