Jerv, rykte

Rykte høyrer han eies på, men det er ikkje alltid han trur på dei. Det vert sagt at SNO har “teke ut” jerv den siste tda. Her i dalen og lenger inne i fjellheimen.

Dette kan vera “dikt og forbanna løgn”, men like truleg er det SNO som har lagt seg på ein ny pållisi i forhold til media.

4 kommentarar to “Jerv, rykte”

  1. eies Says:

    Ein jerv i Vanndalen og ein i Vigdalsområdet seier rykta. Strekar nok ein gong under at dette er rykte.

    Påfallande viss det er sant, med tanke på at for eit par år sidan viste dei foto av søte, små “jervebabyar” som var plukka av hiet. Men sikkert bra med tanke på ekstreme organisasjonar at det no føregår meir i retning “hysj – hysj”.

    So lenge jervestamma er berekraftig, og med tanke på sauebøndene, so er dette ok. Litt synd at jervefangarar/-jegerar i området ikkje har gode nok metodar, eller er dyktige nok – enno. Fangst og jakt har sterke tradisjonar her i dalen, og burde framleis vore eit trivselstiltak og eit aktivum for dei som bur her.

  2. eies Says:

    Jerven “innaføre” er so godt som stadfesta. Mykje tyder på at jerveuttaket i år skal gå for seg i det stille – “diskresjon er en styrke”.

  3. Arne Bjørk Says:

    Jerveuttaka er ikkje hemmelege. Går ein inn på rovdata og søker etter døde rovdyr vil ein finne kart over stadane desse tre jervane er tekne ut. Ein langt framme i Storegeisdalen, Ein på grensa i Sprongdalen og ein ved starten på Årdalshalvøya. Det er nok bevist av SNO og ikkje flagge uttaka fordi det er ein del folk og organisasjonar som er sterkt imot desse uttaka. Det er forsåvidt forståeleg at folk er imot, men det finst ikkje andre alternativ.
    Det er no viktig gjennom påska og melde frå om eventuelle nye spor. Då må me få SNO til å kome tilbake etter påske for å ta ut fleire jerv. Eg trur her er fleire.
    For å vise kor effektiv denne SNO-jakta er kan det nemnast at dei tok ut desse tre jervane i løpet av ca 3 timar.

  4. eies Says:

    Bra! Då fekk me stadfesta dette, og fekk korrigert stadene.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: