Inger Handegård: GÅ SPOR (ei”bokmelding”)

Gå spor

Inger Handegård:

 GÅ SPOR Fra nybegynner til ekspert (Pegasus hundebøker)

So har Inger Handegård si bok kome i sal. Dette er ikkje noko tradisjonell bokmelding, kun nokre tankar eg har etter å ha skumma gjennom 127 sidene i løpet av 48 timar. Eg har lese bøker om sportrening både på norsk, svensk, dansk og tysk, men dette er, utan tvil, den boki eg vil anbefala viss sporinteresserte hundeeigarar kontaktar meg med spørsmål om korleis dei skal starta å trena hunden sin – på den andre sida ser eg heller ikkje bort frå at ved å følgja denne boki so kan du få ein ekvipasje   som kan vinna NM-Blodspor. So dette er ei bok både for nybegynnarar og vidarekomne.

Når eg no skriv vidare om tankane mine etter å ha lese boki, so vert ikkje dette noko einidig skryt- og halleluja-roping, kanskje tvert imot. Det kan nok ofte vera lettare å finna feil og manglar ved ei bok, enn det som er positivt. Difor var det greitt å presentera hovudintrykket mitt med ein gong.

Slik eg ser det er dette ei bok som omfattar grunntreninga av ein sporhund fram mot å stilla på blodsporprøve er brukshundsporprøve. Vidaregåande trening av ettersøkshund, ID-hund mm. fell utanfor boki sitt område.

På side 16 står det som del av ein bildetekst: Vil du ha ein god sporhund bør du ikkje starte med for enkle spor. Kanskje det er ei misforståing, men dei første spori må vel vera so enkle at hunden har store sjansar til å lukkast. Vanskane legg ein inn etter kvart.

På side 22 trekkjer Inger fram ein del hunderasar, og når ein ikkje fylgjer prinsippet: Ingen nemnt ingen glemt, så må ho sjølvsagt tola at raseentusiastar føler seg forbigådde. Kvifor er td. ikkje terrier-rasar nemnt, og wachtelhund… ?  På den andre sida skal det givast ros for at forfattaren har eit ope syn på kva rasar som eignar seg som sporhundar.

Når det gjeld utstyr, har boki mange gode råd og tips. «Merkebånd» er likevel noko eg sjeldan eller aldri brukar, unntatt på legging av konkurransespor, då. Desse bandi har ein lei tendens til å bli hengande att i naturen som dårleg reklame for hobbyen vår. Med GPS og elles ved å hengja opp lyng, grastustar eller liknande, har ein like god merking, pass berre på at ikkje hunden meir lukta og går etter desse.

Boki beskriv ein teknikk som eg ikkje har brukt, i alle fall ikkje konsekvent:  Hver gang hunden løfter hodet stopper du opp ved å holde hunden mykt igjen i lina. Teknikken kan forresten minna litt (men berre litt) om teknikken «verharren» som ein kan møta i tyske og danske bøker. Denne teknikken verkar interessant og skal nok prøvast ut. Ein må vel likevel vera obs på om hunden er svært uerfaren, eller det er ein hund som sporar mykje med «høg nase». Dette kunne kanskje vore drøfta grundigare.

Bruk av mange korte spor framfor eit langt spor blir teke opp, og når det gjeld ein unghund kan vel ikkje det seiast ofte nok. Eit anna «knep» er bruk av godbitar på sporet. At enkelte av «de tøffe gutta» har aversjon mot dette, er deira problem.

Ein hund som viser liten interesse for å gå spor har eg personleg aldri møtt, men det er fint at boki har eit eige kapittel om dette.

«Tren mye på det dere er dårligst på.» Dette rådet vil eg fylgja med ein del forbehold: Ein må vurdera  motivasjonen til hunden først. Har hunden lite motivasjon for å gå spor, og er han usikker, ville eg ha prøvd å auka motivasjonen på andre måtar enn ved å auka vanskegraden. Har hunden stor sjølvtillit, men han «giddar» ikkje å fylgja eit banalt spor, då vert det noko anna.

Med sju linjer blir ogso schweisshundspor omtala. Boki seier: Dette er trolig det nærmeste man på trening kan komme et reelt ettersøk. Det er klart at bruk av sporsko gir eit image og ein «aura» av at her er det det seriøst og viltfokusert ettersøkstrening på gang. Sporsko er nok ingen dårleg treningsmetode, men at den er vesentleg mykje bedre enn eit tradisjonelt blodspor, har eg vanskar for å sjå. Flott at schweisshund-folket står på for det dei trur på, men eg fryktar at prøvane blir tyngre å arrangera og at me misser ein del deltakarar viss sporsko skal innførast. Men dette er sjølvsagt ein annan diskusjon.

Etter NINA Rapport 668 Kan vi stole på våre ettersøkshunder? En evaluering av godkjente ettersøkshunders sporingsevne på hjortevilt har fokuset delvis vore retta mot sokalla ID-sporhundar. Ein ID-sporhund er veldig nyttig innan redningshundarbeidet.  Her må eg dessverre basera meg på «synsing», men det er litt påfallande at so mange no påstår at dei stiller med ein ID-sporhund. Som boki kjem inn på, må ein slik hund trenast på etter heilt spesielle metodar der hunden først får lukta på ein sokalla «smeller» før hunden deretter har all konsentrasjon retta mot å finna att lukti frå «smelleren» etter eit spor (eller eit søk). Personleg har eg vanskar med å forstå korleis ein slik hund kan fungera på eit ettersøk der det ikkje finst blod, hår, mageinnhald  eller liknande på skotplassen.  Men boki er først og fremst ei grunntreningsbok, og ho går lite eller ikkje inn på det spesielle og praktiske ettersøksarbeidet.

Oppsummering: Boki slær etter mi meining knockout på det eg hittil har lese av litteratur om sportrening, her til lands og utanlands.  Styrken til boki er at ho er lett å lesa, både for ungdom og nybegynnarar, og at metodane som vert skildra er gjennomprøvde, tydelege og enkle å gjennomføra. Mitt interesseområde er hovudsakleg blodspor og ettersøk, og som sagt: Med denne boki som teoretisk ballast ser eg det som absolutt oppnåeleg å vinna NM Blodspor. Og som grunnlag for det vidare arbeidet med ein ettersøkshund, vil metodane som er viste her vera av den største nytte og hjelp.

2 kommentarar to “Inger Handegård: GÅ SPOR (ei”bokmelding”)”

  1. Susanne Truelsen Says:

    Hvor køber man bogen på dansk ?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: