Jervefangst, oppsummering mars 2013

Som ein kuriositet kan eies innleiingsvis nemna at han for nokre år sidan vart skulda for å bortforklara den skade jerven gjer på rein og husdyr, og soleis vart stempla som «natturvernar», noko mange såg på som eit skjellsord. Han eies ser mest på «naturvernar» som ein heiderstittel.

I haust før jul og etter eies var heimkomen frå Modum, var han i ein situasjon der tid var noko han hadde rikeleg av, og han trengde noko «meiningsfullt» og interessant som kunne oppta litt av dagane. Han fekk difor denne ideen om jervefangst. I motsetning til tidlegare er jerven ikkje lenger utrydningstruga, kanskje tvert imot. Han Geir Vidar, Harald, Kjetil og Sverre (nokon som vart gløymde…?) var alle positive og hjelpte kvar på sin måte til at han kom i gang.

Jervefangst med jervebås har vore drive i Jostedalen i minst ti år, etter som dei fortel, men utan fangst – hittil.  Då han skulle begynna, snakka han med jegerar han kjende. Det var særleg ein historie som vart trekt fram. Halvard Horpen fylgde ein gong spori etter ein jerv ved Øy. Brått hadde jerven vinkla av frå retningen han hadde, og gått direkte til ei daud kyr som låg nedgrevi på Fåbergstølen, ein avstand på vel 2km. Dette fortel litt om den fantastiske luktesansen som jerven har, og ein skulle soleis tru at eit hjortehovud skulle vera rikeleg åte for å lokka jerven inn i båsen. Eies måtte difor ikkje leggja åte utanfor båsen, vart det sagt, då ville jerven berre eta seg mett på dette og ikkje gå inn i fangstbåsen. Dette har fleire jegerar fortalt, og det verkar logisk og både rett og rimeleg, og eies trur at nokolunde slik har dei drive fangsten her i dalen i nyare tid.

 So tok eies kontakt med to karar i inste delen av kommunen vår, og desse to er, etter det han veit, dei einaste som har greidd å fanga jerv her omkring. Den eine karen sa at han måtte ha nokre små bitar ogso utanfor båsen. Den andre karen sa at jerven var eit mårdyr og at han difor hamstrar. Difor måtte det vera litt utanfor båsen og, for å «pirra» han, var vel ordi som vart brukte.

Her fekk eies soleis ulike signal, og  han vart litt usikker. Han tok difor kontakt med jervefangarar lenger aust og nord i landet. Den eine skreiv: «Den båsen jeg har kjennskap til har i allefall åte både inni og utafor, og det er tømt flere bøtter blod og diverse inni og ved båsen. De siste dagene har jerven holdt til rundt åpninga på båsen i lengre tid, ble bl.a observert midt på dagen oppi treet som båsen står ved. Så det er vel bare et spørsmål om tid før den har spist rubb og raka utenfor båsen og sjekker ut hva som er inni.» Ein annan skriv: «Har ute jerve åte i en minkbur, men spredt åte rundt. Etter par dager på åta ålet jerven inn i buret.»

Kva skulle han eies gjera? At folk har ulikt syn på korleis jakt og fangst skal drivast er vanleg og heilt normalt. Han valde denne gongen å lytta mest til råd og tips frå dei som faktisk har greidd å fanga jerv, men han eies strekar under at det heilt sikkert var mykje å læra ogso av det dei lokale jegerane fortalde.

Eies veit det har vore brukt både geitehovud, værahovud og hjortehovud som åte i jervebåsar. Dette er nok snadder for ein svolten jerv. Men åta vert utsett for frost, tining og frost, frost og tining…. , og kor mykje lukt gir denne frå seg etter eit par månader, i 20 grader minus og kaldare, og ber denne lukti over ein avstand på eit par hundre meter – for ikkje å seia kilometer… ?  No veit eies ikkje korleis været og temperaturen var då jerven grov opp kyri på Fåbergstølen, men han ser ikkje bort frå at den nedgrevne kyri faktisk gav frå seg ein del lukt.

Men uansett, og i alle fall slik han eies ser det: Spekulering og synsing frå eies og andre som aldri har fanga jerv er i grunnen nokso lite verdt. Han valde denne gongen å lytta mest til dei som faktisk har greidd å fanga jerv. Dette vart likevel skjebnens ironi, at han ikkje fekk driva fangst lenger på denne måten. Og kanskje var det ogso det beste – viss det ikkje berre er ei fattigmanns trøyst, då.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: