Jervefangst og Murphys lov

Bilde0142 Bilde0141

Bilde0139

Murphys lov er noko som alle med depressiv legning har stor “glede” av, og den forklarer på ein enkel og grei måte kvifor ting som kan gå galt oftast går galt. No er det ca 10 dagar sidan eg dobbeltstengde båsen ved å fjerna avløysaren + at eg la ein boks på tvers for å hindra at loket skulle falla ned. Dobbel sikring altso, med Murphys lov sjølvsagt i bakhovudet.

Då eg kom ned til båsen i dag var der nokso mykje spor, mest revaspor – om der ogso kunne vera jervaspor skal eg ikkje uttala meg om. Eit eller anna dyr hadde vore nedi og drege og slite i utløysar-åta. Kva slags – veit eg ikkje. I følgje han Murphy er dette heilt etter lovi hans, at det kjem dyr i båsen rett etter at han er stengd.

11 kommentarar to “Jervefangst og Murphys lov”

  1. ha Says:

    Kan ikkje anna enn å trekka på smilebandet. Fortsett å fore så er det fangst dere neste sesong.

  2. Bølla Says:

    Det er slek med fleire, Hadde eg ikkje hatt uflaks, så hadde eg ikkje hatt flaks av noke slag……….

  3. fos Says:

    Du lyt ha deg eit viltkamera!

  4. eies Says:

    Set det opp! 🙂

  5. eies Says:

    Har faktisk litt sans for Helge sitt forslag. Viss eg forstår han rett so meiner han at eg skal fortsetja å fora no resten av vinteren og at rev og evt. jerv då vert vant til å finna mat her, og det hugsar dei når vinteren kjem. Desverre har eg ikkje att meir åte no, berre litt hundefor – men det er til gjengjeld uhyre effektivt til rev, viss eg strør ut nokre knuppar i laussnøen so er det ikkje lenge til området er fullt av revespor. Tippar jerv og likar hundefor ((kanskje Felleskløper lagar ein “Jerveblanding” snart🙂 )
    Det er vel lite tvil om at det er i tida frå no og utover våren at rovdyri treng mest mat, og desperat matmangel kan gjera at dei tek sjansar og ikkje er so forsiktige lenger. Viss ein no kan få dei til å ta nokre turar ned i båsen, vil dei ogso setja av litt lukt etter seg slik at dei lettare går oppi til hausten og vinteren.
    Det er nok att litt relativt ferskt “snadder” oppi båsen, men mykje er ogso gamalt og bederva og luktar “pyton”. Skal bli interessant å sjå om noko av det er vekke til våren.
    Jervefangarane som lukkast med fangsten visiterer ikkje båsen to gonger om dagen heile sesongen. Dei har åte i båsen og litt “lokkebitar” utanfor. So har dei “is i magen”, og først når dei får får rapport om, eller ser sjølve, jervespor ved båsen, først då startar dei fangsten. Somme har til og med hatt jerv oppi båsen fleire gonger før dei startar fangsten.
    Om det vert fangst til vinteren, skal bli interessant å sjå. Det kjem an på om grunneigarane, bås-eigarane, fangstmannen og Vårhere vil. Til dei som vil verna om rovdyri vil eg seia: Eg er ingen rovdyrhatar – desse har sin plass i naturen på same måte som rype, hjort og rein. Men på same måte som me jaktar på matnyttig vilt, er det og rett at ikkje rovdyrstammene skal veksa ukontrollert.
    Dette vart eit langt innlegg, kanskje det er dikt og forbanna løgn alt saman…
    ——————————————————————–
    Når det gjeld kva åtl som er desidert best, så er det etter mange si erfaring gris og innmat av gris. Somme er veldig redde for å bruka dyr som har fått medisin som åtl, og det må dei berre fortsetja å vera. Eg har snakka med revefangarar som i allefall ikkje bryr seg om dette. Kontakt evt. Mattilsynet.
    Ein stødig kar her i dalen gjorde meg oppmerksom på noko anna: Viss td. ein sau dauar i fjellet so er det stundom at rovdyr og -fuglar set i gang og forsyner seg av dyret. Andre goner vert dyret berre liggjande urørt. Det e som om rovdyri skyr det daude dyret. So det e nok likevel mykje me ikkje fostår enno om dyri i naturen – heldivis.
    Take it or leave it.

  6. eies Says:

    I dag såg eg at so godt som heile åtet som skulle vera til avtrekkaren var oppete. Ogso noko anna åtl oppi båsen var herja med og småbitar av skinnet låg ogso utanfor. So det har nok vore aktivitet, ja. Morsomt at aktiviteten skulle ta seg slik opp straks båsen vart stengd for fangst 🙂 Strødde ut litt “snadder” so får me sjå.

  7. Bølla Says:

    Du kan sette opp noken revebåsar, så får du forlenget fangstsesongen litt. Det er ikkje like moro som å jakte på den med hund, men artigt likevel.

    • eies Says:

      Ja, sikkert god ide. Men eg har ikkje so det lyt andre gjera🙂 Og artig med viltkamera, men det har eg heller ikkje, so han Frank eller andre må berre hengja opp, håpar eg og får sjå evt. bilde.

  8. eies Says:

    Ser at vener og kjentfolk både her på bloggen og elles gir meg gode råd om kva eg skal gjera. Eg takkar for det! Men når det gjeld denne fangstsesongen so kjem eg ikkje til å driva revefangst eller enna fangst i dette området. Det er berre hyggeleg viss andre vil prøva. For min del, berre gå i gang!🙂🙂🙂

  9. eies Says:

    Dei som tidlegare dreiv jakt og fangst hadde gjerne hemmelegheitar og knep som dei heldt for seg sjølve og ikkje delte med andre. Slik sett er det eg no har skrive eit avorleg brot på denne tradisjonen.
    Ein annan ting er at somme tykkjer eg kunne late vera å skriva dette sidan fangsten var resultatlaus og at eg soleis ikkje har noko resultat å visa.til. Det kan so vera. Eg er på ein måte i godt selskap sidan han som og har skrive bøker om gaupefangst og jervefangst, etter so dei fortel, aldri har fanga ei gaupe eller ein jerv. (hugs: Dette er eit rykte, og bør ein då tru på det…?) Men bøkene hans er lærerike og gode.
    Ta det ikkje for bokstavleg det eg skriv, heller. Når det gjeld jakt og fangst er det viktig å lytta til råd frå andre – men viktigast er det å prøva ut sjølv, og stola på seg sjølv.
    “The times they are a-changing” – og: “Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida.”

  10. ha Says:

    Det er like viktig å dele med seg kva som ikkje fungerar som kva som fungerar. Det skulle ikkje vere nødvendig å finne opp hjulet på nytt for alle nye fangstmenn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: