Jervefangst og økonomi

Bilde0115

Jervebåsen vart klargjort for fangst og fangsten starta 10. november, viss eg ikkje hugsar feil. Så vart båsen stengd for fangst 15. februar. Med fråtrekk for fredingstid i julehelgi, fekk eg dette til å bli 89 fangstdagar. Avstanden frå heimen min til der båsen stad er 15,3 km tur-retur. Kommunal takst for bilkøyring er 4kr pr km. Utgifter til bilkøyring for å visitera båsen ein gong dagleg gjennom fangstperioden vert då 5.446,80 kr. Og som den lovkunnige jeger og fangstmann veit, so skal båsen kontrollerast to gonger dagleg.

Ingen jerv vart fanga, ikkje ein gong ein rev eller ein skarve mår gjekk i fella. Jervespor har her vore ein del av, men ingen i nærleiken av båsen, etter det eg har sett. Årsaka til det negative fangstresultatet er nok manglande kompetanse (og manglande flaks…..?). Gode og sikkert velmeinande råd har eg fått, opptil fleire. Nokre få tips har eg snappa opp også frå slike som har fanga jerv.

Eg kunne tenkja meg å prøva meg eitt år til som jervefangar, viss grunneigarane og dei som eig båsen vil. Det ein må vurdera er om fangstplassen er den rette og om innlokkinga kan gjerast annleis. Greier ein ikkje å få jerven inn til fella, får ein han heller ikkje oppi. Eg veit at andre som driv slik fangst legg ut åte, og først når dei har sett spor etter jerv ved fella, spenner dei ho opp. Har eit rovdyr først funne mat ein stad, kjem det att.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: