Skal jerveåta vera “oppi” båsen… ?

Bilde0115

Det raude utanfor båsen er blodvatn som hadde danna seg i ein plastkasse der eg hadde lagra noko slakteavfall.

“Har du hatt aotlet utanfor båsen, du då…. ?” sa ein kamerat til meg. Det var då eg tenkte at no er det kanskje på tide å skriva litt.

Jervefangst kan visst nok vera både enkelt og vanskeleg. Jerven er ikkje so skyr og forsiktig som reven. Men å få han oppi båsen er det ikkje mange som har fått til, i alle fall ikkje her omkring. Med so godt som ikkje rovdyrskade på sauene i sommar, saman med uttak av fleire jervar i vinter, so indikerte det lite jerv i området. Sjølv om me veit at i  landet elles er det eit rekordhøgt tal med jerv, og over fylkesgrensa , i Skjåk er situasjonen ein heilt annan enn her hjå oss.

Men korleis går ein fram, reint konkret, viss ein vil prøva seg på jervfangst ? Det reint byråkratiske i forhold til Fylkesmannen og Mattilsynet ser eg bort frå. Med epostar og nokre telefonar ordnar mykje seg.

Eg var so heldig å få overta ein jervebås som hadde vore i bruk tidlegare, det er store krav som vert stillte til ein slik. Han Kjetil R. var positiv og tykte dette var bra.

Jerven har ein fantastisk luktesans. I litteraturen las eg om “lukteåte” som gjerne er noko heilt anna enn det freistande kjøtstykket som jerven skal setja tennene i, men kan eit lukteåte ogso skremma?

Mange meiner at jerven vil lukta td. eit hjortehovud oppi båsen på lang, lang avstand. Og at dette var “nok” for å lokka inn og fanga jerven.  Teorien her trur eg er at mat utanfor båsen kan gjera jerven mett og fornøgd, og han vil difor ikkje gå opp i båsen.

Ein annan eg var i kontakt med, meinte at nokre små “smakebitar” utanfor båsen, i tillegg, var bra. Han John Sivert O. skriv vel ogso at rovdyr alltid vil koma tilbake til ein stad der dei ein gong har funne noko etande.

Her har me altso to teoriar: Den eine seier att alt “åtl” skal vera oppi båsen. Den andre seier at i tillegg til det som er oppi båsen, kan ein ha små “lokkebitar”/”reklamebitar” utanfor.

Eg kan vel seia at eg fylgde den siste teorien. Før jul hadde eg såleis mykje fuglar og rev  kring båsen. Etter jul har det vore mykje mindre slike, truleg fordi “reklamebitane” no er oppetne. Men personleg har eg ikkje sett jervespor kring båsen, enno…

2 kommentarar to “Skal jerveåta vera “oppi” båsen… ?”

  1. eies Says:

    Jervefangar in spe, eies, ynskjer svært gjerne å få vita kva blogglesarane meiner om dette.

  2. eies Says:

    Har lagt spørsmålet mitt ut på kammeret.no. Har fått nokre svar,men ikkje so mange:

    http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=112&t=48841&p=885528&hilit=jerveb%C3%A5s#p885528

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: